annonse

Beste klassen med avis

SAMAN OM SIGEREN
SAMAN OM SIGEREN: Prepple Person Tveite (t.v. bak), Marte Tveite, Ingebjørg Pålina Helle, Ingeborg Haga, Hermann Hemre Sundsvoll, Olav Midtun (t.v. midten), Kristin Knapstad Tveite, Maya Helle Anthun, Isabell Anthun Sleen, Hanne Samland Rong, Torunn Drevsjø Flisram, Heine Blikberg Gjerald, Magnus Slettemark Hole, Anve Herheim, Bjørnar Jordalen Lunde, Eirik Gudbrandstuen (t.v. framme), Bendik Kjeldsen, Jon-Håkon Rødne Rasmussen, Jenny Hirth Brunborg og Tor Magnus Gregersen Hauge vann «Vis med avis» 2018. (Foto: Marita Saue Hamre)
Vis med avis

Sjuande klasse på Vossestrand barne- og ungdomsskule vart årets vinnar av konkurransen «Vis med avis».

Marita Saue Hamre

– Jaaa, hurra! jubla klassen då dei fekk vita at dei vann konkurransen.

Måndag morgon vart dei overraska med både diplom og gåvesjekk på 1500 kroner. Elevane har lese lokalavisa i ei veke, før dei svara på 20 spørsmål om dei ulike sakene dei har lese. Vossestrand-elevane vann med over 19 av totalt 20 rette svar.

– Eg har lese om dei nye toga som skal komma, og at dei skal vera romslegare enn dei me har no, seier Heine Blikberg Gjerald (12).

– Og eg har lese om at dei vil ha muslimsk gravplass på Voss, fortel Ingeborg Haga (12).

Likar lokale nyhende

På spørsmålet om kva elevane likar best å lesa, må dei tenkja seg litt om.

– Hm, eg likar best sport, seier Heine Blikberg Gjerald.

Ingeborg, Isabell Anthun Sleen (13) og Anve Herheim (12) er ikkje heilt sikre på kva dei likar, men likar lokale nyhende.

– Det er greitt å lesa om det som skjer i lokalmiljøet, er dei einige om.

Elles likar Anve å lesa nyhende frå utlandet, òg.

Spara til klassetur?

Sidan elevane ikkje visste at dei vann før Hordaland kom på besøk, så hadde dei ikkje tenkt på kva pengegåva skulle brukast til.

– Eg veit ikkje, kanskje me burde spara pengane til ein klassetur, føreslår Isabell.

Dei andre er for så vidt einige, og vil at klassen skal reisa til utlandet på tur.

– Eg vil til Barcelona for å sjå på fotballkamp, seier Heine.

– Eller heilt til Australia. Dei har fotball der òg, svarar Anve.

Papir kjekkast

Vinnarane har lese både papiravis og e-avisa på nett, men er klare på at papir er best.

– Når me les papiravisa, så har me betre oversikt på det me les, seier Ingeborg.

Heine meiner at i papiravisa får Hordaland fram god informasjon, og les gjerne avisa heime òg.

– Eg les avisa dersom den ligg på bordet heime, men nesten aldri på nettet, seier han.

Testen gjekk fint

Etter ei heil veke med avislesing, svara elevane på 20 spørsmål om dei ulike sakene dei hadde lese gjennom veka.

– Det gjekk greitt, men eg måtte tenkja meg litt om, seier Anve.

Heile vegen hadde elevane trua på at dei skulle vinna, men dei vart overraska då dei fekk premien.

– Det var kjempekjekt å vinna. Kan me gjera det igjen neste år? spør elevane.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.