annonse

Betydeleg fare for snøskred

FARE FOR SKRED
FARE FOR SKRED: NVE melder at det vert betydeleg snøskredfare i områda Hardanger og Voss onsdag. Biletet er brukt som illustrasjon. (Foto: Geir Geitle/Arkiv)

NVE melder om betydeleg snøskredfare for områda Voss og Hardanger onsdag.

Ingvild Siglen Berger

Det er kaldare vêr og snøbyer som legg opp ustabile nysnøflak i leområde. Det kalde vêret vil stabilisera det gamle snødekket, så skredproblemet vil liggja i nysnøen, heiter det på varsom.no.

I dei områda som får mest snø er det vurdert at faregraden er på oransje nivå, altså betydeleg.

På varsom.no melder NVE elles at snøskredfaren er på gult farenivå tysdag, som tyder moderat.

Det er høgare temperaturar og regn til topps som aukar faren for både våte laussnøskred og våte flakskred i dag.

NVE melder at fukt og varme trengjer ned i svakare lag i snøen, og kan svekkja snølaga slik at dei går i brot av seg sjølv.

I låglandet kan det gå våte laussnøskred, i høgda våte flakskred.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.