annonse

Bil i autovernet på Palmafossen

RYKKJER UT
RYKKJER UT: Politiet rykkjer ut etter ei trafikkulukke på Palmafossen. BIletet er berre til illustrasjon. (Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK)

Ein bil hamna i autovernet fredag kveld.

Marita Saue Hamre

Fredag kveld klokka 18.59 melder politiet på Twitter om eit trafikkuhell på Palmafossen.

– Ein bil med to personar i hamna i autovernet, seier politiet til NRK Hordaland.

Mista veggrepet

Ifylgje politiet er dei ikkje alvorleg skadde. 

Personane skal ha kome seg ut av bilen.

– Føraren skal ha mista veggrepet. Det er svært glatt på staden, skriv Vest politidistrikt på Twitter. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse