annonse

Bil rulla på to personar

Eit born vart frakta med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus etter at ein bil rulla på to personar.

Ingvild Siglen Berger

Hendinga skjedde i Nå på vestsida av Sørfjorden i Hardanger onsdag kveld, då ein parkert bil byrja å rulla og trefte dei to personane.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 17.45. Lensmann Terje Kvalvik hjå Hardanger lensmannskontor opplyser at det rullande køyretøyet var ein tyngre personbil av typen amerikansk van. 

3-åring råka

Ei kvinne og eit born vart tekne hand om av helsepersonell.

– Ein person vart frakta til Odda sjukehus og ein til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen hjå Vest politidistrikt.

Det var ei 3 år gammal jente og mora hennar som vart trefte av bilen, og 3-åringen vart altså frakta til Haukeland. Begge skal ha vore bevisste etter ulukka. 

Lettare skadde

Klokka 21.00 same kveld opplyste Helse Bergen i ei pressemelding at jenta vart lettare skadd i ulukka. Mora skal òg ha lettare skader.

Politiet veit ikkje kvifor bilen byrja å rulla, men har gjort sine åstadsgranskingar på staden. 

– Det er oppretta sak mot eigaren av bilen. Førebels er det litt tidleg å konkludera når det gjeld årsaka til ulukka, me må fyrst gjera ei teknisk undersøking av bilen, seier Kvalvik. 

Ulukka vart meldt på Twitter om lag ein time etter hendinga.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.