annonse

Bil teken av ras i Eidfjord

BRATTE FJELLSIDER
BRATTE FJELLSIDER: Ulukka skjedde på fylkesveg 103 mellom Eidfjord og Kjeåsen. (Foto: Arkiv)

Klokka 03:45 natt til sundag vart ein bil med campingvogn teken av ras ved Stavenes i Eidfjord kommune. Vegen opnar ikkje att i dag.

Siri Flatlandsmo

På fylkesveg 103 ved Stavanes gjekk det eit gjørme- og steinras natt til sundag.

Det er mellom Eidfjord og Kjeneset i Eidfjord kommune. Raset er omtrent tjue meter breitt og råka svenske turistar på campingferie.

– Dei kom inn i gjørmedelen av raset. Men ingen er skadde, opplyser Morten Hansen i Vegtrafikksentralen.

Det var svenskane sjølv som varsla om ulukka. Dei er ikkje skadde, men bilen og campingvogna står framleis att i raset.

Ikkje moglegheiter for omkøyring

Fylkesveg 103 er einaste veg inn i Simadalen, og dei som bur der og på Kjeneset kjem seg ikkje ut av dalen.

Vegen opnar ikkje i dag

Vegtrafikksentralen opplyser om at vegen er stengd på uviss tid. Ein geolog skal vera på staden i 11-12-tida.

– Entrepenør er på plass. Men vegen vert i alle fall ikkje opna i dag, opplyser Hansen sundag morgon.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.