DRAMATISK: Dette furutreet trefte frontruta på ein bil ved Folkedal. Ingen skal ha vorte alvorleg skadd i ulukka. FOTO: Sigrid Seim

Bil treft av furu i Granvin

- Bilføraren har vore heldig. Dette kunne gått mykje verre, seier brannsjef Egil Holven på rasstaden ved Folkedal.

Publisert 20.03.2017 kl. 07.49. Oppdatert kl. 14.29.

Måndag morgon melde naudetatane at det hadde gått eit ras over vegbana på fv. 7 like ved Folkedal i Granvin.

- Det er ein bil som er treft av raset. Føraren kom seg ut og det var denne personen som melde ifrå. Det er ikkje snakk om nokon som er sakna eller alvorlege personskadar, seier vaktkommandør Torkjell Helle hjå 110-sentralen til Hordaland.

KOM NED FJELLSIDA: Furutreet ramla ned fjellsida og trefte ein bil rett ved Folkedal. FOTO: Sigbjørn Øydvin

Furutre datt ned

Sentralen fekk melding om raset klokka 07.41. I 08.30-tida melder dei at det er eit furutre som har rast ned i vegen og treft frontruta på ein bil.

Personen i bilen vart frakta med ambulanse til Voss, men skal ha kome frå hendinga med lettare skadar.

STORT TRE: Slik såg det ut på rasstaden måndag morgon. FOTO: Sigrid Seim

Starta rydding

Klokka 08.45 var dei i gang med oppryddingsarbeidet på staden, melder Sigrid Seim, Hordaland sin journalist på staden.

Vegen vart opna att klokka 09.42 måndag morgon.

ROTVELTE: - Det var uggent å vera rett ved raset, seier Sigbjørn Øydvin. FOTO: Sigrid Seim

Fyrste på staden

Sigbjørn Øydvin kom til staden berre eitt minutt etter at furua hadde treft bilen. Han var på veg frå Granvinssida til Tysnes, og bilen som vart treft kom frå Kvanndalsida.

- Det var ei rotvelte som kom ned. Sjåføren fekk den på førarsida, men såpass langt ute at han var heldig. Det gjekk bra, men det var berre snakk om få centimeter lenger inn før det ikkje hadde gått like bra, seier han.


Dramatisk morgon

Det har vore ein dramatisk morgon i distriktet, då i tillegg ein lastebil køyrde rett i Hardangerfjorden utanfor Ulvik.

- Fyrst lastebilen i Ulvik, og så dette. Det var uggent å vera rett ved raset, seier han.