annonse

Bil treft av stein på E16 – vegen er opna att

STEIN RAMLA UT
STEIN RAMLA UT: Denne bilen vart treft av ein stein på E16 fredag ettermiddag. Ingen vart skadd i hendinga. (Foto: Stine Strand Carlsen)

Fredag ettermiddag vart ein bil treft av stein som rasa ut på E16 mellom Bolstad og Voss.

Ingvild Siglen Berger Ørjan Brattetveit

Det melde Vest politidistrikt på Twitter klokka 15.48.

Ifylgje politiet var det ikkje snakk om personskadar etter hendinga. Tre einingar frå brannvernet på Voss og politiet rykte ut. 

Omkring klokka 16.15 melde Hordaland sin journalist på staden at politi og brannvesen dirigerte trafikken.

Like etter melde både politiet og Vegtrafikksentralen vest at E16 vart stengt ved Hjørnevik mellom Hernes og Bolstad, då det måtte gjerast vurderingar med tanke på fare for nye ras. 

– Me veit ikkje kor lenge den vert stengt, men kjem til å gå ut med meir informasjon så fort me har noko, sa trafikkoperatør Idar Sangholt hjå Vegtrafikksentralen til Hordaland like før klokka 16.30. 

Klokka 16.49 melde 110-sentralen at brannvesenet va i gong med å sjekka fjellsida med drone, i samarbeid med geolog. Omkring tjue minutt seinare skreiv Vegtrafikksentralen på Twitter at geolog skulle opp i helikopter for å sjekka rasstaden.

– Me håpar å vita meir innan 1,5 time, melde Vegtrafikksentralen. 

Det var omkøyring over Nesheimsfjellet for trafikk mot Bergen, og over Hamlagrø i retning Voss.

Litt før klokka 18.00 fredag kveld vart E16 opna att for trafikk.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.