annonse

Bilfri feiring på Vangen

KVAR OG KORLEIS
KVAR OG KORLEIS: Sentale delar av Vangen vert stengd for bilar 17. mai. Arne Reime (Voss kommune), Lars Løne (Løne maskin & transport), Jostein Vandaskog (Statens vegvesen), Eivind Haugstvedt (Ørnar) og Jens Petter Gravning (politiet) diskuterer løysingar. (Foto: Sigrid Seim)
STENGT FOR BILAR
STENGT FOR BILAR: Innanfor det skraverte feltet vert det stengt for biltrafikk mellom klokka 09 og 17, med nokre få unntak. (Foto: Illustrasjon, Statens vegvesen)

– Eit bilfritt Vangen på 17. mai vil vera positivt, ikkje minst for ungane, meiner Jens Petter Gravning ved Voss lensmannskontor.

Sigrid Seim

Frå klokka 9 til 17 på nasjonaldagen er dei sentrale delane av Vangen stengde for biltrafikk. I eit samarbeid mellom politi, kommune, vegvesen og idrettslaget Ørnar som arrangør for feiringa i år, er det planlagt korleis stenginga skal utførast, og handhevast. Løne Maskin & Transport skal stå for arbeidet med å få til ei fysisk sperring, og har mannskap ute på tre av dei viktigaste punkta.

Måndag var partane på synfaring for å sjå på aktuelle punkt, og løysingar mellom anna for russen, som skal få sleppa til med bilane sine i russetoget.

– Det er fyrste gongen me gjer dette, og me trur det vil verta veldig bra for ungane, og for arrangementet, meiner Gravning.

– Det må gjennomførast så smidig som mogeleg. Og då kan dette verta veldig hyggjeleg, seier han.

Men Gravning legg til at det ikkje vert råd å køyra inn fordi ein skal «parkera på jobben til kona».

Ver tidleg ute!

Vaktene ved bommane skal kunna sleppa inn utrykkingskøyretøy, fastbuande i området, og dei med handikapløyve. Det skal med andre ord vera tungtvegande grunnar for å få lov å køyra inn. Folk må planleggja med litt ekstra tid, er rådet dei som står bak tiltaket gjev. Og fleire enn vanleg må kanskje bruka Vangstunnelen for å koma dit dei vil.

Det vert elles opna for gjennomkøyring frå Gullfjordungsvegen til Ringheimsvegen via Lekvebakken, og frå Finnesvegen til Eskelandsvegen. Bussar i rute vil berre gå til og frå haldeplassen ved Fengselstomta denne dagen, og vil køyra inn og ut frå vest.

For dei som skal delta i folketoget med køyretøy, er det lagt opp til at dei må møta ved kulturhuset klokka 13, for å verta losa på plass.

– Kvar skal alle parkera?

– Dei beste tipsa me har, er parkeringshuset, parkeringsplassen i Lekvemoen, Fraktgodsen, ved Amfi og ved Fredheim, seier Gravning.

Fylla parkeringshuset?

Av desse er det berre i parkeringshuset det vil verta kravd betaling, opplyser Joar Kronstad i Voss parkering. Men her er det plass til ikkje mindre enn 288 bilar, nemner han.

Frå kommunen si side vert det opna for at det kan parkerast på den eine sida (dvs. nedsida) av Gullfjordungsvegen. Andre hint om plassar langs kommunal veg er i Haugamoen, og langs vegen frå Svartenakken og mot Vandrarheimen. Det kan parkerast i mykje av gatenettet rundt sentrum, men ikkje i kryss, i avkøyrsler eller til hinder for utrykkingskøyretøy, slik trafikkreglane lyder.

Må gå lenger

Dei involverte ser at det er mange som kanskje må gå litt lenger enn vanleg, for å koma på plass, denne dagen. Dei ser også at det kan verta ein del trafikk til og frå sperringane, for å levera familiemedlemer før bilen vert parkert.

Sidan dette er fyrste året med bilfri feiring på Vangen 17. mai, er dei som står bak ordninga opne for at det kan verta ein del å ta lærdom av for seinare år.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse