Levande bjørk i vinterkulda
Det er 25 minus og sylklar morgon ved Djukastein på Bulken. / Les saka
Oppdatert: Torsdag 11.03.2010 22:17
MUSIKKGLEDE: Blokkfløyta er bytta ut med gitar og kjekt samspel på Bjørgum. Gjennom systematisk satsing på musikk kjempar Bjørgum no om Gullsekken og 100.000 kroner i prispengar. FOTO: DANIEL MELVE KVARME
Publisert: 08.02.10 kl. 18.11
Skribent: Jan Egil Dyvik
E-post: th@avisa-h.no
VOSS: Som ein av to skular i Hordaland er Bjørgum nominert til Gullsekken. Prisen er verdt 100.000 kroner.
Det er gjennom «Den kulturelle skulesekken» alle skular i Noreg vert invitert til å søkja om å få Gullsekken. Det er fylkesmannen og fylkeskommunane rundt om i landet som kan nominera to skular kvar til denne prisen. Skulane som vert nominert må gje elevane kunst og kultur gjennom skulekvardagen.
Ved Bjørgum skule vert det arbeidd systematisk med musikkundervisninga. Elevane får prøva seg både med instrument som gitar, xylofon og trommer, dei får undervisning i dans og får òg prøva seg som komponistar.
– Det er veldig kjekt å verte nominert, seier kulturkontakt og lærar Olav Undeland.
Dei to skulane i kvart fylke som vert nominert må gjennom nok eit nålauga før dei kjem til finalen. Ein sentral jury, med forfattar Erlend Loe i leiinga, skal vurdera kvar skule og plukka ut fire av dei nominerte til ei finale i april. Vinnaren får 100.000 kroner i Gullsekken.
– Dette er veldig kjekt og me er stolte, seier rektor Sissel Folkvord. Om Bjørgum til slutt står att som vinnarane av Gullsekken trur Undeland pengane skal rekkja langt.
– Me har eit svært godt samarbeid med FAU og vil strekkja ut desse pengane langt om me skulle få prisen, seier han. Kva ein sum eventuelt skal brukast til, har ikkje skulen tenkt på enda.
– Me er gjennom det første nålauga, og synes det er kjekt, seier Folkvord og Undeland. Men etter det «Hordaland» forstår er både nye instrument og kanskje ei CD-utgjeving høgt på ynskjelista.
TOR HALVORSEN | tekst
Eit lokaltog på veg til Voss laut torsdag ettermiddag stogga og returnera Bergen midt inne i Ulrikstunnelen etter at det oppstod røykutvikling om bord i toget. / Les saka
Vossingen som i midten av februar vart pågripen og sikta for mellom anna å ha produsert barnepornografiske bilete, er sett fri frå varetekt. / Les saka
JAZZKLUBB: Det er kanskje å dra det litt langt å seia at Vamp skal varma opp for Arch 70, men den ferske kvartetten går i alle fall på scena etter haugesundarane på Park fredag kveld. / Les saka
Tips oss: 4747 1883
E-post: tips@avisa-hordaland.no
Det er 25 minus og sylklar morgon ved Djukastein på Bulken. / Les saka
Det er ein klar og kald morgon den 1.3 mars 2010 kl 7.30. / Les saka
Strålande sol, knallblå himmel, rimfrost på trea og mykje snø, nett slik me ynskjer det til påskeferien, men det er kaldt. / Les saka
|
Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet Siste frå Voss
NSB gav pendlarane ein kalddusjDet same toget som laut returnera Bergen stasjon i ettermiddag etter røykutvikling, gav fleire av dei reisande ein kalddusj, bokstaveleg tala. / Les saka Fylkesveg 313 opna att etter rasVegen frå Teigdalen til Nesheim i Eksingedalen er no opna att etter at det i føremiddag gjekk eit snøras der. / Les saka Søk i avisene tilbake til 2004 Siste frå Granvin/UlvikFylkesveg 572 opna attRASFAREN REDUSERT: Fylkesveg 572 mellom Ulvik og Bruravik er no opna att for trafikk. Vegen vart stengd onsdag kveld klokka 19.00 grunna stor rasfare. / Les saka
Trå vurderer rettssakJarle Trå gler seg over at Dagbladet vart felt i PFU. Han vurderer likevel å gå rettens veg. / Les saka Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet Siste frå Vaksdal/Modalen
NSB gav pendlarane ein kalddusjDet same toget som laut returnera Bergen stasjon i ettermiddag etter røykutvikling, gav fleire av dei reisande ein kalddusj, bokstaveleg tala. / Les saka Fylkesveg 313 opna att etter rasVegen frå Teigdalen til Nesheim i Eksingedalen er no opna att etter at det i føremiddag gjekk eit snøras der. / Les saka |
24. februar var det ei nytt snøfall og fullt kaos på vegane i Bergen. / Les saka
Den stabile vinteren har gjeve eventyrlge forhold for skiturar no i om lag to månader. / Les saka