annonse

Blå jubel på Fleischer’s

HØG STEMNING
HØG STEMNING: Jublande rundt bordet på den blå-blå valvaka ser me Kari Sætrem Bondevik, Fredrik Skaarer Fjose, Katrine Matthiessen, Knut Kvissel, Siv Sævik, Alette Hjelmeland, Knut Grinde og Hildegunn Grinde. (Foto: Rolf Tepstad)

Jo-hooo, yess, yess. Jubelen stod i taket på Høgre og Frp si valvake, då valdagsmålinga vart presentert klokka 21 måndag.

Rolf Tepstad

– Erna er stjerna, ingen tvil, slo Fredrik Skaarer Fjose (H) fast, alt tidleg på kvelden.

Saman med Frp, hadde Høgre på Voss valvake i den historiske stova «inst inne» på Fleischer’s.

Stabilt høgt Høgre

Fjose jubla over gode resultat i Noreg generelt, men vart spesielt lukkeleg då Voss tikka inn med godt over 18 prosent for Høgre.

– Sjølv om dette er tilbake eit par prosent frå 2013, er det fantastisk bra. Den gongen leverte Høgre eit historisk godt stortingsval på Voss. No har me etablert oss på eit høgt nivå, og det er imponerande bra, seier Fjose som òg er folkevald for Høgre i Voss kommunestyre.

Knut Kvissel, Frp sin fremste talsmann i lokalpolitikken, var ikkje mindre lukkeleg.

– Heilt storarta. 10,8 prosent og framgang på Voss var uventa bra. Og totalt i landet har me fått minst tre-fire mandat betre utteljing enn eg hadde vågt å håpa på. Og dette betyr heilt opplagt at folk flest er nøgde med det regjeringa vår har gjort dei siste fire åra, og ynskjer meir av den same politikken, seier Kvissel.

Bryllaupspresang

Dei to som strålte aller mest denne måndagskvelden var likevel Hildegunn og Knut Grinde, sistnemnde òg folkevald for Høgre.

– Me feirar 46-års bryllaupsdag i kveld, og for ein presang me har fått, seier dei to, og ser kjærleg på kvarandre. – Nett den me håpa på!

– Me gifta oss med andre ord i 1971, seier Knut Grinde tenksamt. – Oi, det er same året då eg vart fødd, seier Alette Hjelmeland, Høgre-medlem og i tillegg vertskap på Fleischer’s.

– Så kanskje me då og kan håpa på ein tilsvarande presang om fire år, når det skal feirast gullbryllaup? Ny jubelkveld for Erna ved stortingsvalet i 2021, samstemmer Hjelmeland og ekteparet Grinde, med klappsalver og jubel frå resten av dei frammøtte på valvaka.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.