Avisa Hordaland

Oppdatert: Onsdag 10.03.2010 10:23

«Boksamling på flyttefot»

Bøkene skal flyttast frå Rossvoll til Haugesenteret. Foto: Sigrid Seim

Boksamling på flyttefot

Publisert: 09.02.10 kl. 12.37
Skribent: Sigrid Seim
E-post: ss@avisa-hordaland.no

ULVIK: Dei nesten 5.000 bøkene som Olav H. Hauge eigde skal denne månaden flyttast frå heimen hans på Rossvoll.

Olav H. Hauge-stiftinga har overteke denne boksamlinga, som enkja Bodil Cappelen i si tid  selde til Ulvik herad. Stiftinga ynskjer no å pakka ned bøkene for mellombels lagring i godkjende lokale. Når lokala i det tidlegare heradshuset er ferdig oppussa, skal bøkene koma på plass her.

FRÅ ROSSVOLL: Haugestiftinga planlegg å flytta bøkene frå Olav H. Hauge sin heim på Rossvoll. Arkivfoto

For litteraturinteresserte

Boksamlinga er av stor kultur- og litterturfagleg verdi, for alle som er interesserte i litteratur generelt, og ikkje berre for dei med sterk interesse for Olav H. Hauge, meiner Torunn Hovland Ljone, styreleiar i Haugestiftinga.

– Boksamlinga fortel oss mykje om Hauge sine interesser og kvar han henta all kunnskapen sin frå. Dessutan inneheld dei understrekingar og notatar som Hauge sjølv har gjort.

TIL HAUGESENTERET: I det tidlegare heradshuset i Ulvik skal boksamlinga med tida verta tilgjengeleg for ålmenta. Arkivfoto 

Juridisk vurdert

Haugestiftinga har ikkje kome til semje med dei lokale arvingane, som meiner boksamlinga er del av eit uskifta bu. Torunn Hovland Ljone seier dei likevel kjenner seg trygge på at dei har retten til samlinga, og viser til at dei har fått ei juridisk vurdering av spørsmålet.

Haugestiftinga meiner elles at Bodil Cappelen har sikra ei god offentleg forvaltning av arven etter Hauge, ved å overlata breva til Universitetet i Bergen, dagbøkene til Nasjonalbiblioteket i Oslo, og boksamlinga til Ulvik herad.

Interaktivt

Mest lest

Mest tipsa

Siste frå galleri

  • Sjå Goa'badne
  • Eigedom
  • Stilling ledig

Smått og stort

Bilete til saka «Levande bjørk i vinterkulda»

Levande bjørk i vinterkulda

Det er 25 minus og sylklar morgon ved Djukastein på Bulken. / Les saka

Bilete til saka «Morgonstemning over Vangsvatnet»

Morgonstemning over Vangsvatnet

Det er ein klar og kald morgon den 1.3 mars 2010 kl 7.30. / Les saka

Bilete til saka «Vinterdag på Hamlagrø»

Vinterdag på Hamlagrø

Strålande sol, knallblå himmel, rimfrost på trea og mykje snø, nett slik me ynskjer det til påskeferien, men det er kaldt. / Les saka

Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet

Siste frå Voss

BRANNFARE: Riksantikvaren tilrår at dagens sprinklaranlegg vert sett i funksjon fram til eit nytt anlegg er prosjektert og montert. ARKIVFOTO: SJUR HERRE

Fellesrådet treng pengar

VOSS: Riksantikvaren tilrår at sprinklaranlegget i Vangskyrkja vert sett i funksjon, som ei mellombels løysing. Det vil kosta om lag 60.000 kroner. / Les saka

E-16 laut stengjast att

VOSS: Eit mindre snøras stengde vegen mellom Holemarktunnelen og Nakkagjeltunnelen i Voss kommune onsdag morgon. / Les saka

Søk i avisene tilbake til 2004
kan du enkelt gjera her. Skriv inn søkeordet ditt - og du får opp fleire val. Klikk på dei ulike vala og du får opp eit bilete av sida søkeordet dukkar fram på. Klikk på biletet for å lasta ned og kjøpa sida.

Søk i tidlegare utgåver:

Buy and Read

Siste frå Granvin/Ulvik

LETTA: Jarle Trå er glad og letta over PFU si avgjerd, men utelukkar ikkje at han likevel vil gå rettens veg. ARKIVFOTO: DANIEL MELVE KVARME

Trå vurderer rettssak

Jarle Trå gler seg over at Dagbladet vart felt i PFU. Han vurderer likevel å gå rettens veg. / Les saka

Innbrot hjå elektrisk forretning

GRANVIN: Ein eller annan gong i løpet av helga har einkvan  brote seg inn  i lokala til Vangen elektriske si avdeling i Granvin. / Les saka

Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet

Siste frå Vaksdal/Modalen

OPEN ATT: Stamvegen ved Bolstad er no open att. Foto: Frode Rene

Stamvegen open att - i eitt felt

Stamvegen E16 er no open att - i eitt felt, ved rasstaden rett utanfor Vassenda-tunnelen på Bolstad. / Les saka

IDYLL: Den grøne sløyfa (Nasjonal sykkelveg nr 4) bør koplast tettare saman med den andre store sykkelattraksjonen i distriktet, nemleg Rallarvegen. ARKIVFOTO: SJUR HERRE

Rallarveg + Grøn sløyfe = Snart sant?

Hovudutfordringa for sykkelnettet på Voss er å kopla Rallarvegen med sykkeltilbodet i Den grøne sløyfa. / Les saka

Bilete til saka «Snøkaos i Bergen og NSB med nye problem»

Snøkaos i Bergen og NSB med nye problem

24. februar var det ei nytt snøfall og fullt kaos på vegane i Bergen. / Les saka

Bilete til saka «Fantastiske skiforhold i lokale Vossaløyper»

Fantastiske skiforhold i lokale Vossaløyper

Den stabile vinteren har gjeve eventyrlge forhold for skiturar no i om lag to månader. / Les saka

Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq AS © 2010 produkt