annonse

Born til sjukehus etter å ha ete giftig sopp

GIFTIG SOPP
GIFTIG SOPP: To born fekk i seg giftig sopp på Knutatunet barnehage i går. (Foto: Marita Saue Hamre/Arkiv)

To barnehageborn vart sende til Haukeland sjukehus måndag ettermiddag, etter å ha ete giftig sopp i Knutatunet barnehage på Stanghelle.

Terje Hjartnes

Dette kjem fram i ein e-post barnehagestyrar Brita Hesjedal Lunde sende til foreldre i barnehagen måndag kveld.

«Eg vil informera om at to barn frå barnehagen er sendt til Haukeland sjukehus etter at dei i ettermiddag har spist giftig sopp i barnehagen. Dette vart oppdaga av personalet som handla med ein gong ved å ta kontakt med giftsentralen som igjen konstaterte at soppen var giftig. Me veit ikkje om fleire av borna kan ha spist av same soppen, så eg ber om at alle må vera på vakt overfor symptom», skreiv Hesjedal Lunde i e-posten.

Magesmerter og diare

Foreldra vert i e-posten bedne om å vera merksame i høve magesmerter og diare: «Ved inntak av denne soppen kan det gå 6-12 timer før symptoma gjer seg gjeldande, så dersom borna dykkar får magesmerter og eller diare må de kontakta 113 med ein einaste gong», står det i e-posten som vart send til foreldra.

Visste ikkje om soppen

Barnehagestyraren skriv at ho ikkje var klar over at det fanst giftig sopp på barnehagen sitt uteområde. Soppen vil i dag bli fjerna: «Dette er noko som aldri skulle ha skjedd, men me har ikkje vore klar over at me har giftig sopp på uteområdet vårt. Eg beklager så mykje til dei borna og foreldra som har vorte utsett for dette og eg er verkeleg glad for at det ser ut til å gå bra med borna dykkar. I morgon vil eg sjå til at me får fjerna all sopp frå uteområdet i barnehagen», står det i e-posten.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.