annonse

Bortesiger til Voss

SIGER
SIGER: Jan Ruben Sleen skåra to mål på bortebane for Voss. (Foto: Ørjan Brattetveit)

Herrane kunne reisa nøgde heim fredag kveld etter 4–1-siger mot Minde.

Katrine Nordanger Mjelde

Laget var spent på kampen fredag på Paradis fotballbane mot Minde I.L.

– I fyrste omgang var me heldige og skåra på alle sjansane me fekk, seier trenar Arne Førde.

Fire i nettet

Fire mål klarte vossingane å få i nettet i fyrste omgang. Det var Jan Ruben Sleen som opna ballet og sette inn 1-0. Deretter fylgde Martin Bidne på med 2-0. Sleen og Bidne fylgde opp med kvart sitt mål til på dei fyrste 45 minuttane.

– Minde hadde nokre store sjansar på dødballar, men me hadde god kontroll. Me var spente på både bana og laget. Det er eit veldig fysisk lag, men me klarte oss bra, seier Førde.

Rettferdig

I andre omgang fekk Minde inn eitt mål mot vossingane.

– I andre omgang brente me alle sjansane me lagde, men me hadde kontroll på kampen. Det var rettferdig at det var me som vann, seier Førde.

Det er òg eit par på laget som er ute med skadar og karantene.

– Dei som kom inn gjorde ein god jobb. Det var heilt topp, seier Førde.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.