annonse

Brakval for Sp i Granvin

KAN BLI ORDFØRAR
KAN BLI ORDFØRAR: Knut Endre Folkedal og Sp har ut frå førehandsrøystene gjort eit veldig godt val i Granvin. (Foto: KARL YSTANES)

Senterpartiet ser ut til å ha gjort eit brakval i Granvin, sett ut frå førehandsrøystene.

Terje Hjartnes

Ut frå førehandsrøystene i Granvin herad er Sp den store valvinnaren. Med 41,4 % oppslutning får partiet 6 av 13 mandag i heradsstyret.

- Dei lyt jo telja ferdig fyrst, men det ser jo veldig bra ut, seier listetopp Knut Endre Folkedal.

I Granvin var røystelokala opne til klokka 21, så resultatet er venta ferdig seinare enn vanleg.

Folkedal meiner han bør ha ein god sjanse til å bli ordførar.

- Men ut frå desse tala må me jo samarbeida med nokon. Me vil ha eit møte i morgon og avklara kven me vil kontakta for samarbeid, seier Folkedal måndag kveld.

I Granvin har politikarane valvake på Jaunsen. Der er ikkje Folkedal. Han er på jobb i maskinrommet på ferja som trafikkerer Kvanndal-Utne-Kinsarvik.

Ut frå førehandsrøystene går Venstre tilbake frå 5 til 3 mandat. Høgre ser ut til å bli slanka frå 3 til 2. Ap, som ikkje stilte liste i Granvin ved førre heradsstyreval ser ut til å få eitt mandat. SV står i fare for å gå heilt ut av heradsstyret i Granvin.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.