annonse

Brann i fjellside nær Djønno

BRANN:
BRANN: Det brann i ei fjellside nær Djønno i Ullensvang måndag. (Foto: Tipsar)

Det brann på Djønno i nærleiken av eit hyttefelt i Ullensvang.

Marita Saue Hamre

Like før klokka 13.56 fekk brannvesenet melding om brann i ei fjellside.

– Me har ikkje kontroll på brannen, sa Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen kort etter.

Brannen starta høgt oppe på fjellet, og det var kraftig vind i området som gjorde at arbeidet var vanskeleg.

– Me har problem med å få mannskapet opp til brannen, og ventar no på eit helikopter, fortalde Drotningsvik.

Like før klokka 16:30 twitra brannvesenet at helikopteret var kome fram, og at dei hadde hatt tre slepp av vatn.

– Det ser ut til å ha effekt på brannen, melde dei. 

Brenn framleis

Klokka 18:00 brenn det framleis i skogsområdet i Ullensvang vest for Vallavik, men BKK har no fått klarsignal til å slå på straumen over høgspentnettet igjen.

Det brenn i eit avgrensa område, og vassleppa har god effekt.

Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen seier at dei godt håp om at helikopteret skal greia å sløkkja brannen, ifylgje NRK Hordaland.

Med eit hyttefelt

Brannen skal ha starta rundt 400 meter frå eit hyttefelt.

– Det er ikkje snakk om noko evakuering enno, sidan me ikkje veit kva veg vinden går.

Brannvesenet fekk inn om lag 50 telefonar frå publikum i nærleiken.

Køyrde forbi

Ein tipsar som ringde Hordaland fortalde om brannen.

– Eg såg brannen, og tok eit bilete. Så møtte eg brannvesenet på veg frå Ulvik, fortalde ho.

Hordaland oppdaterer saka.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.