annonse

Brann i lastebil inne i tunell

BRANN
BRANN : Det starta ein mindre brann i ein lastebil inne i Tunsbergtunnelen tysdag morgon. (Foto: Sigrid Seim)

Det starta ein mindre brann i ein lastebil inne i Tunsbergtunnelen.

Lars Olve Hesjedal

Det var like over klokka 09.30 at det starta ein mindre brann i ein lastebil i Tunsbergtunnelen.

Vegvesenet melde kort tid etterpå at brannen var sløkt.

Det var ikkje noko særleg med kø rundt tunnelen, då det er mogelegheit for omkøyring via Skjervsvegen like ved.

Det tok nærare to timar før tunellen var open for fri ferdsel.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse