annonse

- Briller er KULT!

Halldor Rio (8)
Halldor Rio (8): - Eg har berre hatt briller i eit halvt år. Då vart det oppdaga at eg hadde skeive hornhinner. Eg hadde ikkje merka at eg såg dårleg før, men av og til såg eg litt «syner» når eg las. Når det sto «nei», så kunne eg lesa «ja»! Det var veldig kult å få briller, for då kunne eg prøva noko nytt. Og no kan eg også sjå bilane mykje lettare når eg er ute og syklar.
Ole Bye Nesheim (12)
Ole Bye Nesheim (12): - Eg fekk briller då eg gjekk i tredje klasse, og har minus tre på begge augene. Eg er nærsynt, og det er alle i familien­ min også! Det betyr at eg ikkje kan sjå ting så godt når dei er langt vekke. Om det står ein person nokre meter framføre meg, vert augo til svarte prikkar. Det er litt plagsamt å ha briller når ein skal trena, for då er dei litt i vegen. Og så doggar dei sånn! Utanom det har eg ingenting imot det.
Bjarne Olde (12)
Bjarne Olde (12): - Eg ser heilt elendig utan briller! Eg har hatt briller heilt sidan barnehagen, og det kjekkaste med det er at du kan leika med dei. Til dømes at du er ein gammal mann med briller på nasen! Eg har skeiv hornhinne, og det vart oppdaga på femårskontrollen. Då måtte eg gå med lapp framfor det eine auget kvar einaste dag! Hadde eg ikkje gjort det, hadde eg kanskje vore blind i dag. Det hadde ikkje vore noko kjekt.
Yvonne Berge Børsheim (7)
Yvonne Berge Børsheim (7): - Eg fekk mine fyrste briller då eg var fem eller fire år. Dei var rosa med Hello Kitty på! Men så vart dei for små, og dei neste brillene knakk då eg aka på akebrett. Desse brillene ville eg ha fordi venninna mi har heilt like. Ein gong gløymde eg brillene då eg skulle på skulen, og då var eg nesten heilt blind!

Før Halldor (8) fekk briller såg han «syner» når han las. - Mange born veit ikkje om at dei ser dårleg, seier optikar Hedvik Røhnebæk.

  • Ingerid Jordal
Sara Finne

Dei siste åra har det har blitt meir og meir populært med briller hjå born, seier optikar Hedvik Røhnebæk.

- Berre for nokre år sidan var det mange born som tykte det var «heilt krise» å få briller. Men no er det heilt annleis! Me opplever faktisk at born lèt som om dei ser dårleg, fordi dei har så lyst på briller! Det er veldig stas, seier ho.

SLIT DU PÅ SKULEN? Då kan det henda at du har dårleg syn. Og mange born som ser dårleg veit ofte ikkje om det sjølve. Du kan få vondt i hovudet av å lesa, eller ha problem med å konsentrera deg på skulen.

- Det er ikkje lett å vita kva som er normalt med synet når ein har born. Mange trur det er normalt å sjå dobbelt etter å ha lese i fem minutt. Men det er det ikkje, seier optikar Hedvig Røhnebæk.

Ho veit om fleire born som har hatt store problem på skulen på grunn av feil på synet. Mange har dårlegare­ leseferdigheiter enn andre i klassen.

- Du kan få vondt i hovudet når du les, eller du kan få «tåkesyn». Det kan også henda at bokstavane byrjar å røra seg på arket når du har lese ei stund. seier Hedvig.

VANSKELEG Å OPPDAGA. Ho fortel at mange born lærer seg «triks» for å sjå betre. Derfor er det av og til vanskeleg å oppdaga når skuleborn har dårleg syn.

- Nokon lukkar det eine auget heilt automatisk når dei les. Andre held boka veldig nært andletet. Det er eit teikn på at ein treng briller, seier ho.

I tillegg til å ha dårleg syn, kan ein også ha noko som heiter samsynsfeil. Det betyr at augo har problem med å jobba i lag.

- Sjølv om du ikkje ser dårleg, kan augo verta veldig slitne av å jobba så hardt heile tida, seier Hedvig.

TRENING FOR AUGO. Om ein har samsynsfeil, kan ein trena opp augo til å jobba betre i lag. Treningsprogrammet kan du få hjå ein optikar.

- Det som er så flott med denne treninga, er at om du gjer det, så held det resten av livet. Det er ikkje det same som å trena kroppen på andre vis, der du må trena litt heile tida for å halda deg i form. Om du har augetrening i nokre månader, så held det seg slik, seier ho.

SPØR! Mange born går gjennom heile barne- og ungdomsskulen med dårleg syn utan at det vert oppdaga.

- Det er kanskje lett å tenkja at ein berre er dårleg til å lesa, og ikkje at det er noko feil med augo. Dette kan vera frustrerande og vanskeleg for både foreldre og born, seier Hedvig.

Her meiner ho at foreldre og lærarar­ må vera flinke til å spørja borna.

- Om ingen spør deg om du har problem med synet, så er det heller ikkje lett å koma på det sjølv. Men om ein plukkar det opp, kan det verta mykje lettare for deg på skulen, seier ho.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.