annonse

Bruk vit med fyrverkeriet

INN I DET NYE
INN I DET NYE: Snart er det tid for å skyta opp fyrverkeriet nok éin gong. Kor mykje hugsar du frå året som har gått? (Foto: Vidar Herre/arkiv)

Nyttårsaftan og fyrverkeri er for mange to sider av same sak. Men fyrverkeri er farlege greier som må handterast både med varsemd og vit.

Nils Kvamsdal

I løpet av dei to siste nyttårsfeiringane har 30 personar fått alvorlege augeskadar av fyrverkeri her i landet.

– Det er eit viktig poeng at ingen av desse nytta vernebriller, seier utrykningsleiar Bjørn Sverre Ekran i Voss brannvern. Han er ein av dei som har ansvaret for å føra tilsyn med utsalsstadene i Voss kommune, og han kjenner regelverket for bruk og varetaking av fyrverkeri betre enn nokon.

Fylg innstruksen!

Alt lovleg selt fyrverkeri her i landet skal vera utrusta med bruksrettleiing på norsk, og Ekran ber alle som skal handsama fyrverkeri setja seg grundig inn i rettleiinga. Her står det mellom anna kva som er trygg avstand ved bruk, og dette gjeld sjølvsagt både dei som ser på og dei som skal stå for oppfyringa. Det same gjeld bruken av vernebriller. Både publikum og fyrverkeriansvarleg skal bruka slike briller.

– Me oppmodar alle om å bruka tennstavar og vernebriller. Begge deler får du på utsalsstadene for fyrverkeri, seier Ekran. Det er 11 godkjende utsalsstader her i kommunen, og desse vert fylgde opp med tilsyn no inn mot helga. Salet tek til fredag og held fram laurdag. Det er berre desse to dagane det er lov å selja fyrverkeri, og all oppskyting skal gå føre seg i tidsrommet mellom klokka 18.00 og 02.00 nyttårsaftan.

Generelle reglar

– Det er ein del generelle reglar for varetaking og bruk av fyrverkeri, seier Ekran.

– Alt fyrverkeri skal takast vare på slik at born ikkje har tilgang til det. Det er 18 års aldersgrense for all bruk av fyrverkeri. Stjerneskot kan, som eit unnatak, nyttast av mindreårige saman med vaksne. Ta ein visuell sjekk av fyrverkeriet. Har det synlege skadar, skal det leverast inn att til utsalsstaden. Pinnefyrverkeri er totalt forbode. Viss lunta på eit fyrverkeri ikkje tenner på fyrste forsøk, skal det gå minst ein halv time før ein prøver å tenna på nytt. Fyrverkeriet skal dynkast med vatn då det kan liggja og ulma, for så å gå av når ein ikkje ventar det. Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman. Alt fyrverkeri må plasserast på ei plan og stødig flate før avfyring.

Vaksne ansvarlege.

Bjørn Sverre Ekran understrekar at det alltid er dei vaksne sitt ansvar at fyrverkeri vert brukt og teke vare på på rette måten, og dette ansvaret strekkjer seg lengre enn til sjølve tidspunktet for avfyringa.

– Mange ungar er på full fart fyrste nyttårsdag, på leiting etter ubrukt fyrverkeri. Syt derfor for å rydda opp når moroa er over, og gøym ubrukt fyrverkeri på ein stad ungar ikkje har tilgang til.

Fyrverkeri som er tent utan å detonera kan vera særdeles farleg, og slikt fyrverkeri må alltid takast hand om på forsvarleg måte. I fjor kom det inn 52 meldingar om alvorlege skadar i samband med fyrverkeribruk. Det galdt skadar på fingrar, høyrsel og syn.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.