annonse

Byr på Open Klasse, barnefestival, Stavangerkameratene og Vazelina

MYRKDALEN
MYRKDALEN: Skisesongen i Myrkdalen vert avslutta med Open Klasse i slutten av april neste år. Her frå årets arrangement. (Foto: Ingerid Jordal)
KJEM
KJEM: Kjartan Lauritzen. (Foto: Jonathan Vivaas Kiise)
SKAL SPELA KONSERT
SKAL SPELA KONSERT: Vazelina Bilopphøggers. (Foto: Tor Lindseth)

Programmet for vintersesongen i Myrkdalen er klart.

Ingvild Siglen Berger

Myrkdalen satsar stort på arrangement­ denne sesongen, med ei lang liste over aktivitetar og besøkjande artistar.

– Eg trur programmet for vinteren på ein god måte viser steget Myrkdalen har teke for å bli ein destinasjon – ikkje berre eit skisenter, seier Kaia Finne, marknadsdirektør i Myrkdalen Fjellandsby AS.

Skaper liv og røre

Utanom konsertar vert det jamt med skirenn, skikurs og arrangement for born. Tore Endresen vitjar hotellet i januar, i februar vert det barnefestival med Mikkel og Mikkeline, i tillegg til konsert med Jan Eggum og danseshow med Absence Crew. Stavangerkameratene tek turen til Myrkdalen i mars. Sjølve sesongopningsdagen «Pray for Snow» er 16. desember.

– Det er utruleg kjekt for oss som jobbar i Myrkdalen å skapa så mykje liv og røre for både lokale, tilreisande og hytteeigarar. Me ser fram til ein innhaldsrik vinter, fortel arrangementsansvarleg Pernille Olafsen Mustad.

Satsar på aktivitet

Før sesongen vert offisielt opna i desember, vert det òg arrangert yogahelg og kulinarisk aftan­ med Sjur Hjeltnes og meisterkokk Ørjan Johannessen. Det skal i tillegg vera jolemarknad og jolegrantenning på det nye torget 10. desember. Olafsen Mustad fortel at satsinga på aktivitet i dalen spelar ei viktig rolle i å nå målet om å bli Noregs­ tredje største skidestinasjon.

– Desse ekstratilboda skaper ein heilskap til skiopplevinga i Myrkdalen, og gjer oss meir interessante i framtida. Me ynskjer at Myrkdalen skal vera ein stad folk vender nasen til for å oppleva eit variert utval aktivitetar og arrangement, seier ho.

Lauritzen for tredje gong

Arrangementet Open Klasse er siste helga i april, og då kjem fleire store namn til Myrkdalen for å avslutta vintersesongen. Vazelina Bilopphøggers, Halie og Kjartan Lauritzen skal alle stå på scena i løpet av helga.

– Me kliner til med gratiskonsertar i tre dagar for å takka for sesongen. Me har plukka ut artistar som både er nye og etablerte, og som me meiner passar for ein kvar smak, seier Olafsen Mustad.

Myrkdalen har bygd opp fleire faste arrangement gjennom året, og har jobba aktivt med å få opp aktiviteten om sommaren og hausten. Interessa for tilboda i haust har vore enorm.

– Dei fleste arrangementa har vore utselde lenge før datoen, seier marknadsdirektør Kaia Finne.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.