Avisa Hordaland

Nyhende

Crui­se­tu­ris­me med kli­ma­inn­sats

Crui­se­tu­ris­me med kli­ma­inn­sats

Eid­fjord har fått pris for å vera ei hamn som ­ar­bei­der mål­ret­ta for be­re­­kraf­tig crui­se­­­tu­ris­me. Kva in­ne­ber det?

annonse

I Eid­fjord skin sola over eit blankskura tysk crui­se­skip, og gjes­te­ne myld­rar mel­lom husa i sentrum. Ein flokk tu­ris­tar har vor­te ut­styrte med syk­lar og legg tu­ren i ret­ning Si­ma­da­len, kan det sjå ut som. Troll­to­get kjem tril­lan­de, og utan­for su­ve­nir­bu­tik­ken står eit troll og gli­ser til alle ka­me­ra­lin­se­ne. Frå andre kan­tar kjem buss­las­ter med ki­ne­sis­ke tu­ris­tar, også dei lok­ka av fjor­dar og fjell.

Det tys­ke crui­se­ski­pet AIDAsol har lagt til kai i Eid­fjord for tred­je gong den­ne se­son­gen. Et­ter in­vi­ta­sjon frå Hel­ge Møller i Cruise Des­ti­na­ti­on Hard­an­ger­fjord stiller ein flokk lo­ka­le po­li­ti­ka­rar, rei­se­livs­folk og pres­se opp for å få om­vi­sing og ori­en­te­ring om bord. Tema er det ak­tu­el­le: kor mil­jø­ven­leg er eit mo­der­ne crui­se­skip, ei­gent­leg?

Eid­fjord x3

Det åtte år gam­le ski­pet har kome til Eid­fjord med nes­ten 2200 pas­sa­sje­rar, og eit mann­skap på rundt 600 om bord. I alt er dei tre gon­ger flei­re om bord enn det er inn­byg­gja­rar i Eid­fjord.

Kap­tein Lars Krüger og hans med­ar­bei­da­rar har laga plass til for­sam­lin­ga i eit mø­te­lo­ka­le, og i ti­me­pla­nen sin. San­dra Dia­na Bratland er den nors­ke rep­re­sen­tan­ten for eit sel­skap som sam­lar ni crui­se­rei­ar­lag, som til sam­an står bak rundt 45 vi­sit­tar i Eid­fjord den­ne se­son­gen. Tys­ke AIDA står for nes­ten halv­par­ten av des­se.

– Me ynskjer å vera fremst i å gje­ra ski­pa så grø­ne som mogleg. Må­let er null­ut­slepp, sei­er San­dra Dia­na Bratland i Car­ni­val Corporation.

Se dette bildet i full størrelse
Sigrid Seim - KLARE FOR STRAUM Skipet er klargjort for bruk av landstraum, men berre éi hamn i Norge kan tilby det førebels.

KLARE FOR STRAUM: Skipet er klargjort for bruk av landstraum, men berre éi hamn i Norge kan tilby det førebels.Foto: Sigrid Seim

Se dette bildet i full størrelse
Sigrid Seim - STORE MENGDER Vaskeriet om bord handterer skitentøyet for over to tusen passasjerar.

STORE MENGDER: Vaskeriet om bord handterer skitentøyet for over to tusen passasjerar.Foto: Sigrid Seim

Må­let kan dei ik­kje nå i dag. Det må flei­re tek­nis­ke løy­sin­gar på plass før det kan gjen­nom­fø­rast, un­der­stre­ka ho.

Sel­ska­pa som ho re­pre­sen­te­rer er i ferd med å byggja to-tre nye skip som skal gå på fly­tan­de na­tur­gass, LNG (liquefied natural gas) på fag­språ­ket. Det­te er det mest mil­jø­ven­le­ge fossile driv­stof­fet no. Ulem­pa med des­se nye ski­pa er at dei må vera sto­re, og vil ta over 5000 pas­sa­sje­rar. LNG tek stor plass, samanlikna med konvensjonelt drivstoff, pei­kar ho på. I Eid­fjord vil dei nep­pe visa seg. Til det er Hard­an­ger­brua for låg med si seglingshøgde på 55 me­ter.

Kli­ma­av­tryk­ket

Ei rek­kje crui­se­skip er også gjort kla­re for bruk av land­straum, for å re­du­se­ra kli­ma­av­tryk­ket når ski­pa ligg til kai. I Norge er berre Kris­tian­sand klar med slik ener­gi­for­sy­ning. Også AIDAsol har in­stal­la­sjo­na­ne som skal til for å bru­ka land­straum, der det er til­gjen­ge­leg. Ski­pet går på ma­rin die­sel (MGO), og har ik­kje tung­ol­je i driv­stoff­tan­ka­ne, for­sik­rar det tek­nis­ke per­so­na­let om bord.

Frå for­sam­lin­ga får Bratland spørs­mål om ef­fek­ten av til­tak som LNG, når crui­se­tra­fik­ken sam­ti­dig au­kar.

– Karbon-fot­av­tryk­ket er re­du­sert alt no, sjølv med ein auka crui­se­flå­te, in­for­mer­er ho.

– LNG er banebrytande med tanke på å redusera utslepp. Utslepp av partiklar og svoveldioksid vert så godt som eliminert. Andre utslepp, så som NOx og direkte karbonutslepp vert sterkt reduserte. Og ­rei­ar­­­la­ga er kla­re for meir, når det ligg til ret­te for det, meiner Bratland.

Ho for­sik­rar om at næ­rin­ga tek mil­jø­ut­ford­rin­ga på al­vor, og prø­ver å ut­vik­la be­re­kraf­tig crui­se­tu­ris­me. Di­a­log med lo­ka­le ham­ner, slik som mø­tet i Eidfjord, er eit døme på det.

annonse

– Me ynskjer å vera ein del av løy­sin­ga, legg ho til.

Sigrid Seim - RUVAR AIDAsol ved kai i Eidfjord.

RUVAR: AIDAsol ved kai i Eidfjord.Foto: Sigrid Seim

«Alle» er po­si­ti­ve

I Eid­fjord er 95 pro­sent av inn­byg­gja­ra­ne po­si­ti­ve til crui­se, kom­men­ter­er ord­fø­rar An­ved Johan Tveit.

– Me ynskjer mil­jø­ven­le­ge skip, og me ynskjer lo­ka­le ak­ti­vi­te­tar. Det er også flott om se­son­gen kan strek­kjast endå len­ger.

På om­vi­sin­ga får dei lo­ka­le gjes­te­ne in­for­ma­sjon om inn­sat­sen for mest mogleg mil­jø­ven­leg drift om bord. I res­tau­ran­ta­ne ar­bei­der dei mot mat­svinn, og det som vert av mat­res­tar vert om­dan­na til ufar­leg av­fall. På lu­ga­ra­ne har gjes­te­ne god kom­fort, sjølv med spa­re­dusj på badet, filter på kranen i vasken og trykkluft i toaletta. Vas­ke­r­iet om bord er ein stad der det tra­di­sjo­nelt er stort vass­for­bruk. På det­te crui­se­ski­pet har dei av mil­jø­om­syn sat­sa på løy­sin­gar som re­du­se­rer for­bru­ket. Til dømes brukar dei kondensvatn frå klimaanlegget der. Kap­tein Lars Krüger in­for­mer­er med stort en­ga­sje­ment om det med­vi­t­ne ar­bei­det om bord for å dela på an­sva­ret for ei mest mogleg mil­jø­ven­leg drift.

At det­te ski­pet og flei­re andre no er klar­gjort for bruk av land­straum, kan mo­ti­ve­ra ham­ne­ne til å in­ves­te­ra i an­legg for land­straum. For kraft­kom­mu­nen Eid­fjord kan det sy­nast som eit na­tur­leg steg, sett utan­frå.

Ein ko­mi­te i ar­beid

Dei fol­ke­val­de har star­ta ar­bei­det i form av ein po­li­tisk ko­mi­te, som vart sett ned i april. Her skal det vera med ein rep­re­sen­tant frå ung­doms­rå­det, i til­legg til rep­re­sen­tan­tar frå dei uli­ke par­t­ia. Grup­pa skal fin­na ut kva in­ves­te­rin­gar som trengst for å få det­te til. Dei skal òg vur­de­ra om dei kan til­by la­de­punkt for bus­sar og tyng­re køy­re­tøy. Ei slik in­ves­te­ring er dyr, men Eid­fjord har slut­ta seg til eit sa­mar­beid mel­lom nors­ke crui­se­ham­ner for å få land­straum på plass in­nan 2025. Sa­mar­bei­det gjeld også flei­re andre til­tak for ei meir mil­jø­ven­leg crui­se­næ­ring.

Ar­beids­grup­pa i Eid­fjord må ­na­tur­­leg nok også sjå på øko­no­m­ien i eit slikt til­bod til crui­se­ski­pa. Det er von om at det er stat­le­ge mid­lar å få til ei slik sat­sing, gjen­nom Eno­va, pei­ka ord­fø­rar og råd­mann på i saka til kom­mu­ne­sty­ret.

Litt mykje tra­fikk

Den klart yng­ste del­ta­ka­ren på om­vi­sin­ga på AIDAsol er lei­ar i Eid­fjord ung­doms­råd Emi­lie Vi­ve­li Tveit. Ho kan tenkja seg at til­strøy­min­ga av tu­ris­tar til Eid­fjord bør av­gren­sast litt, av om­syn til mil­j­øet.

– Det kan ver­ta litt mykje tra­fikk. Når skip kjem med over 2000 pas­sa­­­sje­rar­, og det i til­legg kjem man­ge tu­rist­bus­sar andre plas­sar frå, og gjen­nom­gangs­tra­fik­ken oppå der att, då vert det litt mykje, seier ­Viveli Tveit.

Sigrid Seim - REISEMINNE Mange av turistane i Eidfjord legg turen innom suvenir­butikkane, der dei finn både troll og strikkevarer.

REISEMINNE: Mange av turistane i Eidfjord legg turen innom suvenir­butikkane, der dei finn både troll og strikkevarer.Foto: Sigrid Seim

– Cruise kan stop­past, men eg for­står at dei no er på veg til å ver­ta meir mil­jø­ven­le­ge. Og det er vik­tig at me har gode til­bod til dei som kjem, mei­ner ho.

Det er ik­kje fritt fram for crui­se­skip i tett tra­fikk til Eid­fjord. ­Gren­sa er sett til mak­si­malt to skip per dag. I som­mar vil gren­sa vera nådd 12 av da­ga­ne. Men se­son­gen vil uansett by på 91 an­løp med rundt 140.000 gjes­ter totalt.

Flei­re mil­jø­krav

Frå års­skif­tet inn­fø­rer Eid­fjord ei ham­ne­av­gift som pre­mie­rer dei mest mil­jø­ven­le­ge. Driv­stoff­type og driv­stoff-for­bruk ved kai er spe­si­elt vik­tig i den sa­man­heng.

I verds­arv­fjor­da­ne, Nær­øy­­fjor­den og Geir­an­ger­fjor­den, er det ny­leg inn­ført stren­ga­re mil­jø­krav til ­crui­se­­ski­pa enn det andre ham­ner stiller. Kan det føra til at Hard­an­ger­fjor­den vert ein stad der flei­re av dei som ik­kje opp­fyl­ler des­se kra­va vil tra­fik­ke­ra? Hel­ge Møller i Cruise ­Des­ti­na­ti­on Hard­an­ger­fjord ser at det er ei mogleg prob­lem­stil­ling. Han pei­kar li­ke­vel på at dei gjer grep som re­gu­le­rer tra­fik­ken og som pre­mie­rer dei mil­jø­ven­le­ge. I crui­se­ham­ne­ne sør for Geir­an­ger vil det vera eit krav om at driv­stof­fet har eit mak­si­malt svo­vel­inn­hald på 0,1 pro­sent.

– Verds­arv­fjor­da­ne har eit mål om at tra­fik­ken skal ha null­ut­slepp in­nan 2026. Me har ik­kje det, men det kjem spørs­mål frå de­par­te­men­tet om kva me vil gje­ra. Eg har tru på at det vil koma same reg­lar over hei­le lan­det, sei­er Møller.

Cruise­ka­ien i Eid­fjord stod klar til bruk i 2005, og har sei­na­re vorte lagt godt mer­ke til in­nan bran­sjen. I september i fjor var ord­fø­rar Anved Johan Tveit til stades på den sto­re crui­se­mes­sa i Lisboa, der Eid­fjord vart heid­ra i Seatrade Cruise Awards, berre slått av ­crui­se­­ham­na­ i Dubai. Ber­re no­mi­na­sjo­nen til topplas­se­ring er ei stor ære, for kom­mu­nen og rei­se­li­vet, mein­te mot­ta­ka­ren.

Ju­r­yen la vekt på at Eid­fjord ­ar­bei­der mål­ret­ta for be­re­kraf­tig crui­se­tu­ris­me, i ein «har­mo­nisk og ro­man­tisk re­gi­on utan mas­se­­tu­ris­me, stress og køar».

Sigrid Seim - KRAFT Straumforsyninga om bord er avgjerande for at livet kan gå sin gang både for passasjerar og mannskap.

KRAFT: Straumforsyninga om bord er avgjerande for at livet kan gå sin gang både for passasjerar og mannskap.Foto: Sigrid Seim