annonse

Davy Wathne til Sosialbygget

OM KREFT
OM KREFT: Statist i eige liv, er temaet til Davy Wathne. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Torsdag 14. september er Davy Wathne gjest på Kreftforeininga sin temakafé i Sosialbygget.

Sigrid Seim

Kreft er ikkje noko ukjend tema for den fritalande sportskommentatoren frå Bergen.

Han er gjest på samlinga som Kreftforeininga si gruppe på Voss inviterer til, som har tittelen «Davy Wathne. Statist i eige liv».

– Dette er den fyrste av fire samlingar denne hausten, informerer gruppeleiar Kjellaug Gjerstad Norheim.

– Me har funne fram til ulike emne som me håpar kan vera av interesse.

Alle kjenner nokon

Dei frivillige organiserer treff som går på kveldstid, og som er mynta på både kreftramma, pårørande, etterlatne, og andre interesserte. Det finst knapt nokon som ikkje på ein eller annan måte har tilknyting til temaet.

– Me set av ein time til kveldens emne, og deretter er det kaffi og servering. Alt er gratis og alle er velkomne, understrekar ho.

Dei ynskjer at dette kan vera ein stad der ein kan treffa andre som er i same situasjon som ein sjølv. Emna dei tek opp kan vekkja diskusjon, men fyrst og fremst er dette ein sosial møteplass, seier Norheim.

Planane er klare

I oktober har dei møte med Laila og Tarald Ueland som har skrive bok om å leva tett på ei dotter med uhelbredeleg kreft. På novembermøtet vert fysioterapeut Kjersti Gulbrandsen Skattum med, og snakkar om glede og motivasjon i kvardagstrening. Når det lir ei veke ut i desember, byr temakaféen på jolemat med humor, ved kokk og humørspreiar Arne Johan Dregelid.

Dei frivillige som no driv tiltaket er Kjellaug Gjerstad Norheim, Guri Pedersen, Ingebjørg Fosse, Margretha Veka og Inger Marie Agledal.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.