annonse

Deilig energisk av Lars Vaular

KLINKA TIL
KLINKA TIL: I Vossasalen fredag leverte rappar Lars Vaular ein sterk konsert. Kombinasjonen av det sårbare, det drøymande, det harde fall i smak hjå vossingane. (Foto: Siri Flatlandsmo)

Men Vaular er best når han tek det heilt ned.

Siri Flatlandsmo

Lars Vaular og tjommiane stig ut av det blå scenelyset og introduserer konserten i Vossasalen med låten «Heartbreak hotel» frå 2016. 

Alt frå start dirrar bassen kraftfullt under beina på publikum. Melodiøs rap strøymer ut av høgtalarane og blandar seg på magisk vis med saksofon,  flytande synth og dundrande bass. Saman skapar Vaular, Kjetil Møster og Frode Kvinge Flatland ein både dansbar og drøymande mjuk start på konserten.

Vaular er kjent for stunts og forrykande sceneshow, som til dømes då han gjekk på scena kledd i brurekjole på Øyafestivalen i fjor. Showet han leverer under Vossa Jazz har ikkje dei store overraskingane. I kjent stil opererer Vaular i grenseland mellom rap og song. Girson Dias rappar med på fleire av låtane og Myra (Regina Tucker) er med side om side Vaular i låten «Ventet på deg». Men stemninga overraskar: Synthen og saksofonen skapar er eit annleis og meir mystisk bakteppe enn vanleg for låtane.

Vaular leverer med ein enorm energi og glede. Under låten «For ung til å dø», frå det tre år gamle albumet «666», ber han publikum om hender i vêret. Og det får han, både frå dei yngste som kom til Park nettopp for å få med seg denne konserten og frå dei eldre, som kanskje berre ramla innom Vossasalen på slump eller nysgjerrigheit. Etter den kjende låten «Nonsens» frå 2013-plata, vert det heitt i salen. Vaular sjølv kastar jakka. Den enorme sjølvtilliten Vaular har på scenen smittar over på publikum, som let seg inspirera til dans. Dei kjem ikkje til å setja seg før siste tone er sett. Stemninga toppar eg under den basstunge superhiten «Rett opp og ned». 

Kombinasjonen av stor lyd med mykje bass, rap og drøymande synth, lagar til tider ein magisk stemning. Synthen sender tankane tilbake til 80-talet, men den har ein rå og moderne tvist i rappinga til Vaular. 

Desse stemningsskapande kontrastane mellom det mjuke og det harde speglar Vaular i rørslene sine. I dei mest energiske låtane hastar han fram og tilbake på scenen. Under «Det ordnar seg for pappa» står han heilt i ro, avslappa i energien frå publikum. Denne låta er eit deilig pusterom.

Med saksofonsoloane til Møster finn konserten sin plass i Vossa Jazz, men soloane druknar dessverre til tider i det kraftfulle lydbiletet.

Publikum ser nøgde ut: Under ei låt frå debutalbumet som soloartist, «Eg e frå Bergen», får rapparen frå Åsane sjølv hardbarka vossingar til å syngja med på refrenget. 

Javisst – Lars Vaular og tjommiane leverer varene. Til tider kjennest det som om stemninga bikkar over frå energisk til litt for hektisk. Vaular beherskar både det mjuke og det harde, men det er når han tek det heilt ned han er best.

Karakter: 4 av 5

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.