annonse

Den prektigkledde sommarfuglen

HELGETANKAR
HELGETANKAR: Margrethe Ølberg, sokneprest i Odda skriv om 2. klasse på Odda barneskole si påskegåve til kyrkja i Helgetankar. (Foto: Svein Knutsen/Arkiv)

Kvart år gjev 2. klasse på Odda barneskole ei påskegåve til kyrkja. I år har dei laga nokre nydelege sommarfuglar som me har pynta kyrkja sitt påske-tre med!

Sommarfuglen er ein vakker skapning. Har du sett ein sommarfugl bli til? Den vesle larven som blir til ei puppe? Ho ser heilt død ut. Viss du pirkar borti ho, så rører ho ikkje på seg. Ho berre ligg der. Og viss du ser ho for fyrste gong, så trur du kanskje at «det var det». Larven er død. Men inne i puppa skjer det noko hemmeleg. Larven får vengjer. Ein dag kjempar han seg ut av puppa. Hva har han blitt til då? Ein sommarfugl! Den som såg ganske død ut, har blitt til ein av Guds vakraste skapningar.

Og har du også sett eit frø veksa? Har du lagt eit korn eller eit lite frø i jorda? Kanskje har du planta blomsterløk i hagen eller solsikkefrø utanfor huset til våren? Viss du har planta noko, så veit du at alt ser daudt ut etterpå. Du ser berre den mørke, fuktige jorda som har lukka seg rundt frøet. Kven skulle tru at frøet eller kornet kunne bli til noko meir? Likevel: Viss du ventar, så skjer det. Ei lita, grøn spire dukkar opp. Ho strekkjer seg mot lyset, og snart opnar ho seg til eit kornaks eller ein blomst.

Den største hemmelegheita som finst, er: Heile verda, heile livet, og både du og eg, er litt som sommarfuglen og frøet. I verda og i livet mitt og ditt kan det sjå ut som om det vonde skal vinna. Menneske døyr av sjukdomar og svolt. Me vert ramma av ulukker og katastrofar. Me kan bli deprimerte og leie oss. Me blir uvenner og me utkjempar krigar. Det vonde er ein del av verda og ein del av oss. Men Jesus lovar oss at det vonde ikkje vinn til slutt. Døden har ikkje det siste ordet. Det me har øydelagt, er ikkje knust for alltid. Ein gong skal alt bli heilt og vakkert. Det skal ikkje lenger vera nokon død, og me skal ikkje lenger gjera kvarandre noko vondt. Gud skal skapa ein ny himmel og ei ny jord der alt er berre godt.

Med palmesundag går me inn i den stille veka, måtte det bli ei veke med fred, ro og glede over påsken sin bodskap om Jesu seier over døden.

Margrethe Ølberg, sokneprest i Odda

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.