annonse

Denne kula kom susande inn i veggen til ekteparet på Vaksdal

EKKEL OPPLEVING
EKKEL OPPLEVING: Denne kula trefte huset til Kjellaug og Arne Sæterdal på Vaksdal då dei sat ute på terrassen laurdag føremiddag. Kula er ikkje frå eit grovkalibra våpen, seier politiet. (Foto: Privat)

– Det var grådig ekkelt, seier Kjellaug Sæterdal.

Sara Finne

Det var laurdag føremiddag, då Kjellaug og Arne Sæterdal sat på terrassen utanfor huset sitt på Vaksdal, at dei plutseleg høyrde eit smell. Vaksdalposten melde fyrst om saka.

– Me høyrde eit slags «gevær-klikk», og eit smell. Så kom det ei kule susande inn i husveggen, berre ein halv meter framføre der mannen min sat. Kula landa i ein stol attmed han, seier Kjellaug.

– Kunne treft oss

Kjellaug fortel at kula likna litt på ei luftgevær-kule, men at ho var større og av bly.

– Hadde me sete litt lenger framme på terrassen, hadde me fått kula rett på oss, seier ho.

Ho er usikker på kor stor skade kula kunne gjort om ho hadde treft dei.

– Men at me hadde kjent det godt, det er heilt sikkert. Dette var rett og slett grådig ekkelt, seier Kjellaug.

Politiet ser alvorleg på saka

Ekteparet melde raskt saka til politiet, som kom på staden for å gjera undersøkingar.

– Me vil ikkje gå for mykje i detaljar om funna på staden. Men det me kan seia er at det ikkje er snakk om eit grovkalibra våpen, slik som eit jaktvåpen. Likevel ser me veldig alvorleg på saka, og me forstår at dette var skremmande for dei involverte, seier Robert Veseth i politiet på Voss.

Han fortel at etterforskinga av saka er i gang. Men så langt har politiet ingen mistenkte.

– Om nokon veit noko eller har sett noko i samband med denne episoden på laurdag, må dei ta kontakt med politiet, seier Veseth.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.