annonse

Desse vegprosjekta får pengar

MIDLAR TIL PLANLEGGING AV NY E16
MIDLAR TIL PLANLEGGING AV NY E16: Regjeringa vil setja av 59 millionar kroner til vidare planlegging av planlegging av ny veg og bane mellom Bergen og Voss, nærare bestemt strekninga mellom Arna og Stanghelle. Her frå Bolstad. (Foto: Jan-Egil Dyvik)

Regjeringa vil setja av 59 millionar kroner til vidare planlegging av ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle.

Sara Finne

Regjeringa føreslår å løyva 35,9 milliardar kroner til vegføremål i 2018. For vårt distrikt inneber dette:

E16 Vossebanen Stanghelle-Arna, Bergen og Vaksdal kommune:

Regjeringa vil setja av 59 millionar kroner til vidare planlegging av ny veg og bane mellom Bergen og Voss, på strekninga Arna-Stanghelle. Summen dekkjer planleggingsutgiftene for både veg og bane i 2018.

Rv. 13 Joberget, Granvin kommune:

Regjeringa føreslår 85 millionar kroner i statlege midlar til å fullføra arbeida med skredsikring av rv. 13 ved Joberget i Granvin. Midlane i 2018 vil gå til restarbeid og sluttoppgjer.

Rv. 13 Deildo, Ullensvang kommune:

Regjeringa vil setja av midlar til å vidareføra arbeida med skredsikring av rv. 13 ved Deildo. Anleggsarbeida starta i desember 2015, og prosjektet er venta ferdig i juni 2018.

Rv. 13 Hardangerbrua, Ullensvang og Ulvik kommune:

Regjeringa vil setja av midlar til refusjon til bompengeselskapet etter ordninga med alternativ bruk av ferjetilskot for utbygginga av rv. 13 Hardangerbrua.

E16 Kollektivterminal, Voss kommune:

Regjeringa vil setja av midlar til statleg refusjon etter bygging av kollektivterminal ved Voss stasjon.

Rv. 7 Gang- og sykkelveg, Eidfjord kommune:

Regjeringa vil prioritera midlar til å byggja gang- og sykkelveg langs Eidfjordvatnet på rv. 7.

Pengar til flaumsikring på Voss

I tillegg får Voss kommune midlar til førebygging av flaum og skredskader. Regjeringa føreslår å løyva 254 millioner kroner til dette på landsbasis, der 203 millionar av millionane skal gå til å gjennomføra kartleggings- og sikringstiltak. Midlane skal også gå til Odda kommune. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.