annonse

– Det er ny verds­re­kord

UTAN LEIDNING
UTAN LEIDNING: Toyota sel mest utelukkande hybridbilar, og dei aller fleste er ikkje ladbare. C-HR hamna på tiandeplass på modellstatistikken. (Foto: Mor­ten Ab­ra­ham­sen/NPK-NTB)
POPULÆR
POPULÆR: Tesla sin SUV, Model X, toppa statistikken for desember, med 1429 registrerte bilar. Det er likevel ikkje rekord for ein Tesla-modell på ein månad i Noreg. I mars 2014 blei det registrert 1493 Model S. (Foto: Mor­ten Ab­ra­ham­sen/NPK-NTB)
ELEKTRISK
ELEKTRISK: Etter eit lite fall i marknadsdel i 2016 var elbilane tilbake i vekst i 2017, med 36 prosent fleire nye elbilar. Nykomaren Opel Ampera-e enda på 1121 bilar. Talet kunne vore langt høgare viss alle som har bestilt, hadde fått levert bil. (Foto: Mor­ten Ab­ra­ham­sen/NPK-NTB)
LADBAR
LADBAR: Dei ladbare personbilane er no i fleirtal mellom nybilane. I desember hadde elbilane ein marknadsdel på 28 prosent og dei ladbare hybridane 22 prosent. (Foto: Mor­ten Ab­ra­ham­sen/NPK-NTB)
LEVERINGAR
LEVERINGAR: Volkswagen Golf er totalt sett den mest selte modellen, den er også den mest selde elbilen. Talet på e-Golf som vart levert i fjor, ville åleine gjort den til den mest populære personbilen i Noreg. (Foto: Mor­ten Ab­ra­ham­sen/NPK-NTB)

Ny­bil­mark­na­den for per­son­bi­lar i Noreg skil seg frå alle andre land. Hyb­rid og el­bi­lar står for hal­ve sa­let, og i sis­te må­naden av 2017 var dei lad­ba­re ­bi­la­ne for fyrste gong i fleir­tal.

  • Mor­ten Ab­ra­ham­sen/NPK-NTB

Bil­sa­let i 2017 var det bes­te på vel 30 år, og det tred­je bes­te i his­to­ria. Ber­re i glans­da­ga­ne av jap­pe­ti­da, 1985 og 1986, var det flei­re nord­menn som kjøp­te seg ein ny per­son­bil.

2017-sta­tis­tik­ken frå Opp­lys­nings­rå­det for Veitrafikken vi­ser 158.650 re­gist­rer­te nye bi­lar, drygt 4000 flei­re enn i 2016.

Elmotor driv salet

Volks­wa­gen blei det stør­ste mer­ket, noko dei har vore sidan 2010, trass i at 23.212 bi­lar er ein til­ba­ke­gang på 13 pro­sent frå året før. Det er sær­leg bi­la­ne med el­mo­tor som driv sa­let til det tys­ke mer­ket.

– At den elekt­ris­ke re­vo­lu­sjo­nen held fram i Noreg, er både ven­ta og gle­de­leg, sei­er Volks­wa­gen-di­rek­tør Har­ald Edvardsen-Ei­bak i ei pres­se­mel­ding.

33.080 av alle dei nye bi­la­ne var el­bi­lar, og den mest po­pu­læ­re mo­del­len var Volks­wa­gen e-Golf. 6639 nye e-Golf-mo­del­lar i Noreg blei re­gist­rer­te i 2017, det er ein auke på 41 pro­sent frå året før. Ein fi­re­del av dei nye Volks­wa­gen-mo­del­la­ne var lad­ba­re hyb­ri­dar.

Sta­bilt på and­re­plass

I 2009 var Toyota det stør­ste per­son­bil­mer­ket i Noreg, sidan den gongen har dei lege sta­bilt på and­re­plass, og had­de ein vekst på tre pro­sent i 2017, to­talt 17.980 bi­lar. Det som er spe­si­elt med Toyota, er at så å seia alle bi­la­ne, 16.774 styk­ke, er hyb­ri­dar.

– I eit år der me blei straf­fa med auka av­gif­ter på dei mest po­pu­læ­re hyb­rid­mo­del­la­ne våre, er me svært til­fred­se med at sta­dig flei­re kun­dar val­de Toyota i 2017. Det­te vi­ser at kun­da­ne har tryk­t den­ne tek­no­lo­g­ien til brys­tet, sei­er in­for­ma­sjons­sjef Es­pen Olsen i Toyota Norge.

Suverent størst

Han opp­ly­ser at det ik­kje finst noko anna land i ver­da der eit bil­mer­ke har ein til­sva­ran­de hybrid­del av sa­let.

I den sis­te må­na­den av 2017 kom Tes­la med ein kraf­tig slutt­spurt og blei det su­ve­rent stør­ste mer­ket i de­sem­ber. Då blei det re­gist­rert 2455 bi­lar frå mer­ket, noko som er det høgste den ame­ri­kans­ke bil­pro­du­sen­ten no­ko­sin­ne har hatt i Noreg, for­delt på 1429 Model X og 1029 Model S.

Kraf­tig auke

– Det er ei sta­dig au­kan­de in­te­res­se for heil­elekt­ris­ke fa­mi­lie­bi­lar i Noreg. Det er gle­de­leg å sjå ef­fek­ten av at for­bru­ka­ra­ne har fått meir kunn­skap om elekt­ris­ke bi­lar, sei­er Even Sand­vold Ro­land, kom­mu­ni­ka­sjons­sjef for Tes­la i Noreg.

Et­ter at el­bi­la­ne had­de ein til­ba­ke­gang i 2016, var det ein kraf­tig auke i fjor. Dei vel 33.000 bi­la­ne gav dei ein mark­nads­del på 21 pro­sent, og sa­let låg 36 pro­sent over 2016.

Die­sel­sa­let er i fritt fall, det gjekk ned med 23 pro­sent og har no ein mind­re mark­nads­del enn ben­sin, for fyrste gong sidan 2006. Så seint som i 2011 låg die­sel­de­len på 75 pro­sent i den nors­ke per­son­bil­mark­na­den.

Også dei rei­ne ben­sin­bi­la­ne min­kar, men ik­kje i like høg grad.

Nye mo­del­lar på gang

I de­sem­ber var de­len lad­ba­re bi­lar, hyb­rid og el­bilar 50 pro­sent. Den høgste no­kon gong i Noreg, og tru­leg også i ver­da.

– Det er ein ny de­fi­ni­tiv verds­re­kord målt et­ter elekt­risk del av per­son­bil­mark­na­den, sei­er ge­ne­ral­sek­re­tær Chris­ti­na Bu i Norsk elbilforening.

Ho mei­ner ta­let vil­le blitt monaleg hø­ga­re had­de det ­ik­kje­ vore for lan­ge ven­te­ti­der på ­flei­re av el­bil­mo­del­la­ne.

– Me gjekk op­ti­mis­tisk ut for eitt år sidan og tip­pa at det kun­ne bli rundt 40.000 nye el­bi­lar på nors­ke ve­gar i 2017. Det ­tip­set skul­le visa seg å vera sær­de­les treff­sik­kert, sei­er Bu.

For 2018 trur Bu på mel­lom 50.000 og 55.000 nye el­bi­lar. Godt hjelp­te av ei rek­kje nye mo­del­lar som Nis­san Leaf, ­Hy­un­dai Kona, Tes­la Model 3, Ja­gu­ar i-Pace, Audi e-tron quat­tro og Kia Niro Electric.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.