annonse

– Det er plass til både bustader og friluftsliv

SJEFEN I BØMOEN
Sjefen i Bømoen: Olav Lægreid i Bømoen AS trur på yrande liv i området framover, og meiner det er plass både til bustader, næringsverksemd og friluftsliv. (Foto: Geir Geitle/Arkiv)

Eigarane av Bømoen meiner bustadbygging og friluftsliv kan gå hand i hand.

Ørjan Brattetveit

Etter vedtaket i kommunestyret i slutten av september, uttalte leiar av Bømoen AS, Olav Lægreid:

– Eg vil no tyggja litt på vedtaket før eg gjev utfyllande kommentar.

No er han meir klar:

– Vedtaket er ikkje så negativt for oss som innstillinga var. Det er ikkje eit absolutt nei til bustadbygging, seier Lægreid.

Bømoen AS legg opp til tre byggjetrinn, på i alt 1000 bustader. Fyrste byggjetrinn er på nesten 200 bustader. Bustadbygginga skal etter planen i området ved Palmafossen.

Bømoløypa og brukarane

– Det er mange som er imot utbygging av bustadhus og meiner dette øydelegg for friluftslivet og folkehelsa. Kva meiner du om dette?

– Eg meiner at folk som kjem med desse påstandane, ikkje har sett seg godt nok inn i planane. Bustadbygging vil føregå på seks prosent av området. Og den viktige Bømoløypa skal me ta vare på. Det kan koma nokre små endringar på løypa, men det kan også verta til det betre, seier Lægreid.

Han seier han er positiv til aktiviteten idrettslag og andre driv med i Bømoen.

Ute til høyring

– No er planen ute til høyring, og me håpar på å få ei løysing der me kan tenkja langsiktig. Det er ingen som veit korleis Bømoen kjem til å sjå ut i framtida. Men det er viktig at me får leggja til rette for langsiktige planar. Om det no på papiret vert lagt til rette for 1000 bustader, så er det ikkje sikkert at alle byggjetrinna vert bygt. Og det er uansett langt fram, seier Lægreid.

Med sjansen til å leggja langsiktige planar tenkjer han på m.a. vegutbygging, tilrettelegging for vatn og kloakk, bygging av skular og andre behov lokalsamfunnet får.

– Også når det gjeld næringsutvikling i området, er det viktig at ein har noko langsiktig å forholda seg til. Difor er det per i dag ikkje mogleg å snakka om kva for næring som kjem inn her.

Reiseliv

Men Lægreid ser for seg at reiselivet kjem sterkare inn i Bømoen.

– Til dømes nyttar Ekstremsportveko militærleiren som festivalcamp. Og det vil dei truleg halda fram med. Me ser det som naturleg at det kan verta ein campingplass like ved dette området. Då kan desse dra nytte av kvarandre.

Lægreid meiner at reiselivet på Voss vil kunna ha god nytte av Bømoen. Og at staden vil spela ei viktig rolle for fleire festivalar og arrangement.

Her er brukarane

Lægreid fortel kva for lag og aktivitetar Bømoen AS har samarbeid med.

– Viljar nyttar området flittig. Og dei er svært velkomen hjå oss. Dei driv med jogging, marsj og løp. Voss IL nyttar også Bømoen flittig – ikkje minst orienteringsgruppa, seier Lægreid. – Me har eit godt samarbeid med Bømoløypa og laga som står bak denne. Og ikkje minst har me eit godt forhold til Viljar, som er det laget som er mest aktive her. Og som no i helga skipar til Bømomarsjen. Slik aktivitet ser Bømoen AS positivt på. Og me vil gjera vårt for at det framleis skal vera rom for, seier Lægreid.

Ekstremsportveko og Norske Redningshundar, er flittige brukarar. Også NAF, biltilsynet og fleire skular er ivrige brukarar av området.

– Og her føregår organisert terrengsykling. I Bømoen er det plass til mange. Og det vil det framleis vera, seier Lægreid.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.