annonse

Det kjem heftig regn til natta

REGN
REGN: Den intense nedbøren vil starta i 22-tida i kveld, og nå toppen like etter midnatt. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

– Det vert veldig, veldig vått i natt, seier statsmeteorolog Lars Andreas Selberg.

Rolf Tepstad

– Me kan venta oss 40–60 millimeter i løpet av seks timar.

Forklaringa er at ein veldig fuktig front passerer tvers over Vestlandet i natt.

Bør sikra kjellarar

Den intense nedbøren vil starta i 22-tida i kveld, og nå toppen like etter midnatt. Men fram til klokka tre-fire onsdag morgon vil det regna heftig, åtvarar Selberg.

– Det vil også blåsa kraftig, men ikkje i nærleiken av det me opplevde sist veke. Me får nok sterk kuling i fjellet. Dei som bur nede i låglandet, slik som på Vossevangen, treng likevel ikkje frykta vinden, lovar meteorologen.

– Dei med kjellarar som lett får flaumvatn inn, bør derimot ta forholdsreglar. For dette vert uvanleg mykje vatn på uvanleg kort tid!

Snøsmelting i fjellet

– Og medan me no har hatt temperaturar godt under 10 grader, vil den milde og fuktige fronten dra temperaturen oppover, til godt over 10 grader. Med dét vil også snøgrensa trekkja seg kraftig oppover, seier Selberg.

– På stader som Finse, der det no ligg snø, vil nedbøren difor gå over til regn. Dermed kjem effekten av snøsmelting på toppen av dei store mengdene regn, slik at det kjem endå meir vatn i vassdraga.

Difor er det òg sendt ut gult farevarsel saman med nedbørsvarselet for komande døger. – Men sidan det ikkje ligg så veldig mykje snø i høgfjellet enno, vert ikkje ekstraeffekten av snøsmelting all verda, seier Selberg.

Fuktig helg i vente

– Kva kan du seia om vêret vidare framover?

– Etter den regnfulle natta, vil vêret gradvis betra seg utover onsdagen. Om ettermiddagen vil me kanskje kunna oppleva gløtt av blå himmel. Torsdagen vert skiftande, men vil òg innehalda ein solid omgang regn. Fredagen ser ok ut, men så byggjer det seg opp til ein ny runde med regn mot helga. Men då vert det meir normalt regn, og ikkje i nærleiken av det me vil oppleva no til natta, seier statsmeteorolog Lars Andreas Selberg.

Les også:

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.