annonse

Det oransje farevarselet om flaum- og skredfare gjeld heilt til måndag kveld

RASFARE
RASFARE: Frå jordraset i Jordalen i august. No er det rasfare att. (Foto: Terje Øvsthus)

NVE sitt oransje farevarsel for flaum og jordskred er no forlenga til måndag kveld.

Lars Olve Hesjedal

Les og:

NVE sende ut gult varsel torsdag morgon. Fredag var det oppgradert til oransje.  Opphavleg gjaldt det skjerpa varselet til sundag, men no er det forlenga til måndag kveld.

Varselet er årsaka til at Voss kommune har gått ut og oppmoda folk om å sikra seg så godt mogeleg, sjå til at vasskummar ikkje går tette, og vera sers varsame med å ferdast i rasutsette område.

Du kan og fylgja med på varslingsnettstaden varsom.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse