annonse

Dette er namna på gondol-kabinane

KARALDENUTEN
KARALDENUTEN: Karaldenuten fekk 133 stemmer frå lesarane, som har bestemt ni fjelltoppar som skal pryda Voss Gondol sine kabinar. (Foto: Sjur Tveito)

Lesarane har talt – og dei ni gondol-kabinane har fått namn etter ni fjelltoppar.

Marita Saue Hamre

I tida fram mot opninga av den nye gondolen på Voss har Hordaland, i samarbeid med Voss Resort, spurt lesarane om kva namn dei ni kabinane skal ha.

Juryen trakk fram 15 fjelltoppar, som dei meinte var rette toppar – så skulle lesarane bestemma dei ni namna.

No er namna offentleggjort, og dette er namna på dei nye kabinane på gondolen.

Dei ni namna

1. Lønahorgi (285 stemmer)

2. Horndalsnuten (258 stemmer)

3. Gråsidetoppen (244 stemmer)

4. Kvitanosi (242 stemmer)

5. Hangur (234 stemmer)

6. Oksen (201 stemmer)

7. Grønahorgi (176 stemmer)

8. Karaldenuten (133 stemmer)

9. Olsskavlen (131 stemmer)

Hordaland fekk inn 2000 stemmer på kabin-namna, og over 500 personar stemte på namna.

Dinglo og Danglo

I tillegg til fjelltoppane fekk to av kabinane namna Dinglo og Danglo.

– To av kabinane har fått namna Dinglo og Danglo, i tillegg til fjelltoppane. Ein raud og ein gul kabin, seier adm.direktør i Voss Resort, Øyvind Wæhle.

Voss Resort har trekt ut Hege Lindquist, Lily Slettemark og Frode Helland som vinnarar av sesongkort med Voss Gondol etter avstemminga. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse