annonse

Dette skjer på kvinnedagen

IKKJE TOG
IKKJE TOG: Det vert føredrag, men ikkje tog 8. mars på Voss i år. Biletet er frå markeringa i 2016, med Mildrid Sandvik (t.v.) og Gunnlaug Møen i front av toget. (Foto: Ingvild Siglen Berger/Arkiv)

Solfrid Raknes til Voss. Guri Hjeltnes til Ulvik.

Ingvild Siglen Berger

Det er Voss Soroptimistklubb som har ansvaret for kveldsarrangementet 8. mars på Voss i år.

– Årleg markering av kvinner sine rettar kan me fylgja meir enn 100 år attende i tid. Men etter det internasjonale kvinneåret i 1975, vedtok FN eit par år seinare å gjera dagen til ein av sine merkedagar. Ei viktig og riktig avgjersle, skriv Åse Steen-Olsen, leiar i 8. mars-komiteen, i ei pressemelding.

Føredragshaldar på Voss i år vert psykologspesialist, forskar og fagutviklar Solfrid Raknes, som kjem til Vangen Café. Eitt av prosjekta ho driv med for tida er utvikling av «Psykologisk førstehjelp på arabisk», for syriske flyktningborn.

– Raknes har jobba på Voss før og er ein kapasitet. Me håpar det kjem ein del folk, seier Steen-Olsen.

Vågar å stå fram

I pressemeldinga skriv Steen-Olsen at det er vanskeleg å arrangera 8. mars utan å senda ein venleg tanke til «Me too»-aktivistane.

– Dei har bidrege til at offer for uynskt seksuell åtferd vågar å stå fram. Dette fortel noko om at feminisme i dag handlar om det same som før, men med ein ny dimensjon der det unemneleg vanskelege får plass. Grensesprengjande grensesetjing? undrar Steen-Olsen.

Det vert elles ikkje markering med tog på Voss dette året, får Hordaland opplyst av ein tidlegare initiativtakar.

Kvinnedagen dagen etter

I Ulvik vert Kvinnedagen markert fredag 9. mars i Elvatun. Der kjem Guri Hjeltnes for å gje eit lite innblikk i verksemda til HL-senteret, sett ut frå eit kvinneperspektiv. «Senter for studier av Holocaust og livssynsminoritetar» er eit forskings-, dokumentasjons- og formidlingssenter med søkjeljos på Holocaust og andre folkemord, og på minoritetar sine vilkår i moderne samfunn. Etter føredraget vert det servering og sosialt samkvem i Elvatun.

– Bygdekvinnelaget ville gjerne vera med å markera, og har fått tak i Guri Hjeltnes, direktør for HL-senteret i Oslo, men med aner i Ulvik, seier Kari Margrete Haugland Ulgenes, leiar i Ulvik bygdekvinnelag.

Samla kvinner

Ho fortel at dei ville ha ei enkel markering for å samla kvinner i bygda.

– Påmeldingsfristen har eigentleg gått ut, men me tek imot påmeldingar ut dagen dersom det kjem nokon etternølarar. Me gler oss veldig og Guri er ei fantastisk dame å få til Ulvik, seier Haugland Ulgenes.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.