annonse

Difor elskar me jazzen

JAZZKJÆRLEIK
JAZZKJÆRLEIK: Elisabeth Lid Trøen (til v.) og Ingrid Steinkopf skal på konsertar, men må fyrst gje kvarandre ein god klem i garderoben på Park. Festivalleiar Trude Storheim i forgrunnen. (Foto: Ingerid Jordal)
STOLT FAR
STOLT FAR: Arnstein Klovning har sett mange store stjerner på Vossa Jazz i over 20 år. I kveld ser han sonen Marius Klovning spela med Bogue Chitto på Café Stationen.

Nokon har nyleg vorte frivillige, medan andre har hatt Vossa Jazz som ein del av livet sidan 1984.

  • Ingerid Jordal
Ingvild Siglen Berger

- Eg har vore på Vossa Jazz i 20 år, og sett mange kjende artistar. Men i kveld kjem eg fyrst og fremst for å sjå sonen min spela, dei har plateslepp i kveld, seier Arnstein Klovning, som kom på Vossa Jazz for å sjå sonen Marius Klovning spela saman med Bogue Chitto på Café Stationen.

Ute på sprell

The Last Hurra(h)!! og sjølvaste Highasakite står på programmet under Vossa Jazz fredag kveld. Ingrid Steinkopf frå Stanghelle er ute på jazz saman med Elisabeth Lid Trøen.

- Eg speler med Lykkehjulet, jazzlina til NTNU som er på turne. Me spelte konsert tidlegare i dag og hadde eit lite innslag under opninga av kunstutstillinga på kulturhuset. Det var utruleg kjekt, og me gjorde ei litt annleis greie, seier Steinkopf.

- Det er veldig fint å vera på Vossa Jazz. God stemning, mykje folk og kjekke folk. Heilt topp, meiner ho.

Nye kostar

Samstundes som Bogue Chitto spelar opp i kafeen, går The Last Hurra(h)!! på scena i Pentagon med stemningsfull musikk. Mange titals frivillige er i sving, mellom dei Ida Jobarteh frå Bergen.

- Eg var her for to år sidan, og det var veldig kjekt. Eg tykkjer jazzmusikk er veldig gøy, og er her for å oppleva ny musikk, seier ho på veg til Highasakite.

Jobarteh tykkjer det er fint å høyra musikk ho aldri har høyrt før.

- Det vert når eg har fri frå jobbinga. Me jobbar ein full dag, og elles er det ein del fri. Litt fest vert det også, seier ho.

Livslangt forhold

Jon Grendahl er ein skikkeleg jazzpatriot.

- Det har vore ein del av livet mitt sidan 1984. Sidan har eg vore her dei fleste åra etter det, med få hol. Eg er frivillig og jobbar som artistvert. Elles dinglar eg rundt og forsøkjer få med meg god musikk og god stemning!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.