annonse

Død elgku i Vangsvatnet

DRUKNA
DRUKNA: Nedanfor Kulturhuset ligg det ei død elgku i vasskanten. Den har sannsynleg prøvd å kryssa ei elv og drukna. (Foto: Katrine Nordanger Mjelde)
MYKJE VATN
MYKJE VATN: Det er mykje vatn i Vangsvatnet no. Her prøver Jon Arve Bolstad å dra i land eit søppelspann. (Foto: Katrine Nordanger Mjelde)

Fleire melde sundag om eit dødt dyr som låg i Vangsvatnet ved Kulturhuset.

Katrine Nordanger Mjelde

– Det er sannsynlegvis ei elgku som har drukna. Det forundrar meg ikkje om det ligg fleire dyr i vatnet no. Vassdraga er harde og dei prøver å kryssa elvane, seier Ingmar Slettemark i Viltnemda.

Dyret vil bli fjerna i løpet av sundag ettermiddag og dei er no på veg med hjullastar.

– Det kan vera det ligg to dyr i kanten der. Me skal undersøkja saka nærare, seier Slettemark.

Les også: 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse