annonse

Dømt til tvunge psykisk helsevern

TVUNGE PSYKISK HELSEVERN
TVUNGE PSYKISK HELSEVERN: Ein mann frå austlandet er i Bergen Tingrett dømt til tvunge psykisk helsevern for drapet på Mona Nordaas (biletet). (Foto: Vidar Herre)

Bergen tingrett har dømt ein mann til tvunge psykisk helsevern for drapet på Mona Nordaas på Evanger 16. juni i fjor.

Karl Ystanes

Mannen møtte til hovudforhandlingar i Bergen tingrett i mai i år, tiltalt for drapet Mona Nordaas 16. juni i fjor. Tingretten har kome til at mannen var psykotisk i gjerningsøyeblikket, og har difor dømt han til tvunge psykisk helsevern. Det var BA si nettutgåve som fyrst omtala domen torsdag.

Domen vert stadfesta av mannen sin forsvarsadvokat, Rolf Knudsen, til Hordaland.

– Eg har formidla domen til min klient, og den vil verta formelt forkynt for han i løpet av dei nærmaste dagane. Det er ein grundig dom, der han vert dømt til tvunge psykisk helsevern, og der det er gjort vesentlege reduksjonar i erstatningsspørsmålet, seier Knudsen.

Knudsen seier at han no vil gå grundig gjennom domen og drøfta han med sin klient, der dei også vil vurdera eit eventuelt ankespørsmål.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.