annonse

Draumkvedet i Granvin og Ulvik

DRAUMKVEDET
DRAUMKVEDET: Framsyning onsdag i Granvin og torsdag i Ulvik. (Foto: Illustrasjon)

Scenekunstkompaniet Ymist presenterer Draumkvedet som ei reise i tida og menneskesinnet, for publikum i Granvin og Ulvik denne veka.

Sigrid Seim

Onsdag i Trudvang i Granvin, torsdag i Elvatun i Ulvik. I forsamlingshusa her, og fleire andre stader i Hordaland, har kompaniet gjort klar for framsyningar av ein nyskriven versjon av den store mellomalderballaden. Olav Åsteson vaknar av djup søvn, og fortel forsamlinga kva han har opplevd i draumen der han vandrar gjennom dødsriket.

Dramatikar Eirik Fauske har skrive den nye teksten, der innhald frå den gamle versjonen møter element frå den nye tida. Skodespelar Morten Espeland framfører den heilt nye versjonen, i ein scenografi med utgangspunkt i eit urbant landskap, og med ljosdesign som sentrale kulissar.

– Me har sett på diktet som eit skip på kontinuerleg reise, der ulike delar skiftast ut undervegs. Til slutt er det er kanskje ingenting att av det opphavlege, men det er det same skipet, seier instruktør Erlend Samnøen, i førehandsomtalen til framsyninga.

Han danna gruppa Ymist saman med skodespelar Morten Espeland i 2014. Framsyningane av Draumkvedet er eit samarbeid med Hordaland Teater.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.