annonse

Dronninga opna ny bru

DRONNINGSTIEN
DRONNINGSTIEN: Dronning Sonja opna personleg ny bru på Dronningstien mellom Kinsarvik og Lofthus. (Foto: Sparebanken Vest)
GJER DET ENKLARE
GJER DET ENKLARE: Brua over Opo gjer det lettare å koma seg til Skrikjofossen. (Foto: Sparebanken Vest)

Dronningstien ved Lofthus og Stølsvegen i Hardanger er to av mange som vert rusta opp gjennom allmennyttige midlar som vert delte ut.

Geir Geitle

Nordmenn bruker naturen og nærområda sine stadig meir. I år tek imot 45 turstiar på Vestlandet allmennyttige midlar frå Sparebanken Vest for å gjera dei nære turane endå meir tilgjengelege for folk. Dette opplyser banken i ei pressemelding.

Dronning Sonja opna

H.M. Dronning Sonjas Panoramatur, også kjent som Dronningstien, er ein stiane som får støtte gjennom tildelinga i år. Den populære turen er krevjande, men spektakulær.

Sist helg opna Dronninga ei bru, Rjukande Bru, som gjer turen meir tilgjengeleg for lokalsamfunnet og turistane. Det er «Munketreppenes Vener» som står bak prosjektet som treng økonomisk støtte til bygging av brua over elva Opo. Brua gjer det enklare å koma seg til Skrikjofossen og Hardanger Fjellsti, der ein finn utsikt i verdsklasse.

Stølsveg ved Kvanndal

Munketreppenes Vener er eitt døme mellom mange lokale organisasjonar, initiativ og lag som oppgraderer og held ved like uteområde og turstiar på Vestlandet. Sherpatrepper i Stølsvegen i Hardanger opp frå Kvanndal, ei ny turløype i Siggjo i Bømlo og ei folkehelseløype rundt Brakvatnet i Osterøy er andre døme på dei 45 prosjekta som tek imot støtte.

– Det er dei mange frivillige som syter for at norsk natur er så tilgjengeleg og rein som han er. I Sparebanken Vest har me eit bankande hjarte for Vestlandet. Derfor er me glade for den fantastiske innsatsen som frivillige legg ned i å leggja betre til rette for turglade nordmenn. Når overskotet i år går til å rusta opp 45 turstiar, bidreg det til levande lokalmiljø. Det er viktig for oss, seier Åsne Ådland Dale, leiar for samfunnsansvar i Sparebanken Vest.

Folkehelse

Heile 83 prosent nordmenn trenar eller mosjonerer minst éin gong i veka, ifylgje tal frå SSB.

Også Den Norske Turistforening (DNT) merkar at nordmenn er meir aktive og turglade enn nokon gong, og har nyleg passert 300.000 medlemer. Turistforeininga held ved like 22.000 kilometer med stiar rundt i landet, og fleire av mottakarane av allmennyttige midlar, er nettopp DNT-lag.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.