Avisa Hordaland

Nyhende

Dyrkar det gode livet ved fjorden

Dyrkar det gode livet ved fjorden

Han ber på draumen om å trappa ned i arbeidslivet, for å satsa fullt på fruktdyrkinga, og set alt av krefter og pengar i slektsgarden.

– Det er draumen om å kunna leva berre av fruktdyrkinga som gjer at eg held på med alt dette andre no. Ein dag skal eg trappa ned og verta bonde på heiltid.

Dette fortel Halldor Elling Eidnes, kanskje den travlaste mannen i heile Hardanger. Eidnes tok over garden som 27-åring i 2008. Lenge før det var han fast bestemt på å få garden opp i areal og teigane så gode og tilplanta med frukttre, at han kunne leva av gardsdrifta åleine.

200 prosent stilling

Det skulle visa seg at dette tok litt lenger tid enn fyrst venta. Fruktdyrking i Sørfjorden er ikkje ein bransje der ein vassar i pengar, og dyrking er dyrt.

Difor tok Halldor seg arbeid som ambulansearbeidar i 2004. Frå før hadde han engasjement som lydmann i Voss Lyd, der han har vore sidan 1997, og der han styrer deira satellitt i Indre Hardanger.

Så då kom det inn litt meir midlar, men no er det tida det skortar mest på. Når me elles nemner at Halldor er pappa til to born, spelemann i danseorkesteret Sølvsuper og brannmann i Ullensvang brannvern, så kan dei fleste forstå at dette er ein mann utan fritid.

– Nja, det er jo på eit vis sjølvvalt, men travelt er det. Berre ambulanse­tenesta er 100 prosent jobb, så eg er litt etter heile tida, seier han på sitt rolege vis.

Garden hans er på 40 mål dyrka mark, ein del skog og store fjellområde på Hardangervidda. Han eig også fjellgarden Sandvadet i Veigdalen på Hardangervidda. Det er ikkje drift der no, men det er eitt av fjellparadisa til Halldor. Paradis han knapt har tid å nyta.

– Ikkje no, nei, men seinare! Då skal eg vera meir i fjellet. Må berre nett dyrka litt meir, seier han, og smiler lurt.

 - EI PERLE Garden Eidnes på Lofthus.

EI PERLE: Garden Eidnes på Lofthus.

Frå kaos til orden

Garden ligg på nedre Eidnes på Lofthus, ein sør-vestvendt gard som familien kom til etter utskiftinga i 1911. Her finn me eit rikt tun med stabbur, våningshus, eldhus, løe og flor og kårbustad, omkransa av planerte­ teigar og knausar.

Knausar av gammalt grunnfjell som generasjonar har skote bort kvar sine delar av, og erstatta med teigar med matjord. No er det Halldor som held stafettpinnen. Før det var det Olav, far til Halldor, også ein mangesyslar i glansdagane, og ein akta mann i fruktfaget.

For både far og son er det noko heilt eige ved oppdyrkingsarbeidet.

– Det er verkeleg moro. Å bryta opp bakken, sprengja med dynamitt, flytta massar med grave­maskin, planera, fylla på med matjord, drenera vatn og planta til med frukttre. Det er eit grovt og hardt arbeid, men det er ei svært god kjensle å rydda frå kaos til orden, og sjå resultatet til slutt: beine rekkjer med unge lovande­ frukttre. Det er sterkt vanedannande, fortel Halldor.

Trufast sterk svenske

For å kunna driva meir med nettopp slik grovdyrking, gjekk Halldor for fleire år sidan til innkjøp av ei maskin som kunne gjera arbeidet noko lettare: ei gravemaskin på 17 tonn. Åkermann, arbeidsjern av svensk kvalitet.

Jamvel om faren alltid har gjeve han frie tøylar og tillit i gardsarbeidet, så glapp det eit spontant «e du hakkande galen?!», ut av senior då Halldor belta seg inn på tunet med den tunge svensken.

Se dette bildet i full størrelse
 - FOR EIGEN MASKIN Halldor nyttar eigen gravemaskin til å bryta nytt land til eplehage.

FOR EIGEN MASKIN: Halldor nyttar eigen gravemaskin til å bryta nytt land til eplehage.

Men båe har vorte glade i den gamle slitaren, som får jamleg tilsyn av den lokale smeden Steinar Alpen, ein tusenkunstnar med eit bankande hjarte for gamle maskiner­ som treng omsorg, stell og tilsyn av gamlesorten (sveiseapparat, bannskap og grove tarvend).

– Kva skulle me gjort utan Steinar, og maskinene? Tenk på kva dei greidde seg med før. Når ein ser på landskapet, som jo er dyrka fram gjennom generasjonar, så er det både imponerande og inspirerande å sjå kva dei har fått til, seier han, og fyrer opp Åkermannen.

Med stor appetitt gneg maskina på tunge steinar og flyttar lass på lass med matjord eller leirjord. Halldor byggjer nytt land. Sin eigen arbeidsplass planerer han ut midt i postkort-Hardanger. Sakte, men sikkert, går draumen i oppfylling.

– Me har flytta ein god del massar rundt på garden, kan du seia. Men det vert bra til slutt. Me skyt oss ned i fjellet, sorterer massane frå grove i botnen og heilt opp til den fine matjorda på toppen. Eg paktar ein annan gard, og ein del av ein tredje gard, så no har eg omtrent 85 mål jord å stella. I fjor leverte eg 49 tonn eple klasse 1, 12 tonn eple til press og 4,5 tonn plommer, og i tillegg 500 kilo pærer. Etter kvart som teigane vert klare og trea tek til å bera avling, har eg eit mål om å liggja på kring 50 tonn eple som eit minimum, gjerne opp mot 100 tonn om alt klaffar, fortel han roleg og uanstrengt.

Det er i dag 15.000 frukttre på garden. I løpet av dei komande fire åra skal han planta 6000 til. Det burde halda til waldorfsalaten, og litt til.

 - NYTT PLANTEFELT Ved hjelp av sprengstoff og gravemaskin lagar Halldor stadig meir grunn å planta frukttre på.

NYTT PLANTEFELT: Ved hjelp av sprengstoff og gravemaskin lagar Halldor stadig meir grunn å planta frukttre på.

Må tola tap

Då kan det verta betaling for slitet i dag. Men det er ikkje kvart år alt klaffar. 5. juli 2014 står framleis som eit mareritt for familien Eidnes. Då kom det nokre svært kraftige vindkuler frå sør-aust ned over Lofthus. Dei slo ned rett i nyplantingane til Halldor. Då han kom ut på bakkane og fekk sjå korleis vinden hadde flekt opp trea og lagt heile rekkjer flate, så forstod han at han måtte få fatt i ein takstmann.

– Me tapte 800.000 kroner på dei vindrosene, og det verste av alt er at eg ikkje fekk noko att på forsikringa. Eg turkar framleis opp etter den smellen. Eit lite traume var det faktisk.

– Men du held på likevel. Det kjem vel fleire vindar?

– Det gjer det sikkert. Men om du skal fungera i dette yrket, så nyttar det ikkje å asa seg for mykje opp over vêr og vind. Du må freista spreia risikoen ved å ha fleire sortar og ulike typar frukt. Men du må også vera tolmodig og beherska, seier han, tolmodig og beherska.

– Det gode livet

– Det er likevel slik at du går med garden i deg heile tida, anten du er heime eller på reis. Det er klart, det gjer inntrykk på deg når du har heile inntekta hengjande ute på trea, og så bles det opp og du kan høyra avlingar gå i bakken. Slike opplevingar må du berre leva med. For dette yrket kan også vera slik som i dag, med skinande sol, kvite fjell, blømande plommetre og ein vår som tek heilt av. I sum så er dette det gode livet, spør du meg.

Se dette bildet i full størrelse
Privat - BRANNMANNEN Brenn det i Ullensvang rykkjer Halldor ut. Denne jobben kjem på toppen av stillinga som ambulansesjåfør.

BRANNMANNEN: Brenn det i Ullensvang rykkjer Halldor ut. Denne jobben kjem på toppen av stillinga som ambulansesjåfør.Foto: Privat

– Er du heilt sikker på at du kjem til å trappa ned på alle jobbane utanom garden når økonomien opnar for det?

– Eg håpar det vil vera plass til litt ulikt i framtida også, men det er garden som er hovudfokus. Eg vil driva med musikk, og eg vil redda liv og sløkkja brannar i framtida også, men det vil vera meir på garden sine vilkår. Det er eit slit til tider, men eg har von om at det vil vera ei god investering og at det eg gjer no legg grunnlaget for eit godt liv vidare som fruktbonde på Lofthus, seier Halldor Elling Eidnes.

Eg vil driva med musikk, og eg vil redda liv og sløkkja brannar i framtida også, men det vil vera meir på garden sine vilkår.

Morellfestivalen - SPELEMANNEN Halldor er fast inventar i bandet Sølvsuper. Her med Per Ragnar Raaen (til venstre) under Morellfestivalen på Lofthus i 2013.

SPELEMANNEN: Halldor er fast inventar i bandet Sølvsuper. Her med Per Ragnar Raaen (til venstre) under Morellfestivalen på Lofthus i 2013.Foto: Morellfestivalen

 - I EPLEHAGEN I fjor leverte Halldor totalt 61 tonn eple. Når nyplanta tre byrjar bera frukt, og nye 6000 tre er planta på nye plantefelt, håpar han å levera opptil 100 tonn for året.

I EPLEHAGEN: I fjor leverte Halldor totalt 61 tonn eple. Når nyplanta tre byrjar bera frukt, og nye 6000 tre er planta på nye plantefelt, håpar han å levera opptil 100 tonn for året.

Privat - HEIMEPRESSA Heime på garden pressar Halldor delar av avlinga til eplesaft som han sel med eigen etikett på flaskene og dunkane.

HEIMEPRESSA: Heime på garden pressar Halldor delar av avlinga til eplesaft som han sel med eigen etikett på flaskene og dunkane.Foto: Privat