annonse

E16 stengd tre gonger på ein dag

JAMNATUNNELEN
JAMNATUNNELEN: Fleire steinar har rast ned inni tunellen. (Foto: Marita Saue Hamre)

I tre ulike tilfelle vart fleire tunellar stengde på E16 torsdag.

  • Sjur Tveito
Marita Saue Hamre

Like etter klokka 20.30 torsdag vart Jamnatunnelen i Vaksdal kommune stengd.

– Tunellen er stengd på grunn av fleire steinar har rast ned inni tunellen, melder Vegtrafikksentralen vest.

Klokka 22.10 melde Vegtrafikksentralen vest at tunnelen vart opna for trafikk att etter opprydding.

Fleire stengde tunellar

I løpet av torsdagen vart fleire tunellar på E16 stengde.

Stavenestunnelen mellom Trengereid og Vaksdal vart stengd på grunn av ein punktert bil med campingvogn.

I tillegg vart Hyvingstunnelen mellom Dale og Voss stengd på grunn av gjenstand i vegbana.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse