annonse

– Eg er litt rørt, eg tilstår det

SMILANDE, MEN SPENT
SMILANDE, MEN SPENT: Linda Monsen Merkesdal var på plass i røystelokalet alt klokka 10 måndag, og vedgjekk at dagen var spesiell. - Lyt berre tilstå at eg er rørt i dag, sa ho. (Foto: Rolf Tepstad)

Klokka 10.05 på valdagen var Linda Monsen Merkesdal klar med lista si i røystelokalet på Skulestad skule.

Rolf Tepstad

Turen innom avlukket gjekk raskt, det let ikkje til at ho trong lang tid til å bestemma seg for valliste. Så er ho då òg kandidat nr 6 på Hordaland Arbeidarparti si liste ved stortingsvalet 2017.

– Har du alltid røysta Ap?

– Hmmm. Hemmeleg val, veit du. Men det kan jo henda at eg var endå eit hakk lengre mot venstre i unge år, vedgår ho med ein lun smil.

– God nattesøvn

– Korleis er det å sjå sitt eige namn på vallista i lokalet?

– Eg må tilstå at det gjer meg litt rørt. Dette er ein heilt spesiell dag for meg, heilt klart, seier Merkesdal til Hordaland.

– Korleis har nattesøvnen vore, framfor denne så avgjerande dagen?

– Utmerka i natt òg. Søv normalt godt om nettene, og no i valkampen, når eg har drive politikk frå tidleg morgon til seine kveld, har eg vore så trøytt at eg omtrent har sovna straks hovudet er på puta.

Stortingsplass?

– Kva trur du no då, om dagen og valet?

– Eg er spent, sjølvsagt, veldig spent. Men mest av alt gler eg meg til det som ventar. Håpar at me skal lukkast med å vinna valet og få raudgrønt styre i landet. Kjenner òg at eg er veldig motivert for å driva med poltikk på heiltid, og vil gjerne ta del i styringa frå ein plass på Stortinget.

I så måte har Linda Monsen Merkesdal to moglege måtar å klara dét på. Brakval for Ap, og seks mandat inn frå Hordaland, synest i augneblinken minst sannsynleg. Men ho kan òg få fast plass på Stortinget med fem mandat, i fall raudgrøn valsiger og listetopp Magne Rommetveit eller Jette Christensen (nr 2 på lista) får seg statsrådpost. Det siste vert uansett ikkje avklara denne veka, og neppe heller den neste.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.