annonse

– Eg fekk ikkje tid til å tenkja

FORBIKØYRING
FORBIKØYRING: Det kunne gått svært gale då Egil Isdal filma denne forbikøyringa på E16 laurdag føremiddag. – Eg var sikker på at det kom til å smella, seier han. (Foto: Skjermdump)

Egil Isdal var berre centimeter frå frontkollisjon då ein bil kom i full fart mot han i feil køyrefelt på E16.

Ingvild Siglen Berger

Isdal filma hendinga laurdag føremiddag, då han var på veg frå Kaupanger til Halhjem.

– Eg tok eit stopp på Vinje, før eg køyrde vidare og bilen kom imot. Eg fekk ikkje tid til å tenkja, eg var sikker på at det kom til å smella, fortel Isdal.

Men smellet kom ikkje. Isdal la seg heilt ut i vegkanten og gjekk akkurat klar av både bilen og autovernet.

– Det var over på 1 sekund, frå eg såg bilen til den var forbi, seier han.

Eit under

Kona Ingunn Isdal fortel at ho hylte då mannen kom heim til Stord og viste henne videoen.

– Det er eit guds under at han sit her, han har verkeleg hatt englevakt, seier ho.

Isdal la videoen ut på Facebook-gruppa «Ny E16 Bergen–Voss umiddelbart» sundag kveld. Reaksjonane har ikkje late venta på seg, og fleire rasar over den hasardiøse køyringa.

– Galskap, skriv ei kvinne som kommentar til innlegget.

– Bør mista lappen i lang tid, skriv ein mann.

To filmar

Stordingen skaffa seg dashbord-kamera for halvannan månad sidan.

– Eg hadde tenkt på det ei stund då. Viss alle hadde hatt kamera, og alle hadde visst om det, så kunne det kanskje vore mindre villmannskøyring. Spesielt forbikøyringar er eit problem, meiner han.

Forbikøyringa vart òg filma frå motsett køyreretning, av eit par som låg bak bilen som køyrde forbi. Isdal fortel at han har prøvd å ta ut bilete frå videoen han filma, for å få greie på registreringsskiltet.

– Men det var motsol, så det er nesten håplaust, seier han.

Nære på

Isdal er klar på kva han meiner om slik type villmannskøyring.

– Dei som køyrer slik, er idiotar i mine augo. E16 er ein vegstrekning det har vore mykje på opp igjennom. Heldigvis gjekk det bra denne gongen, men eg har aldri vore så nære før, avsluttar han.

Robert Veseth i politiet på Voss seier det berre er flaks at forbikøyringa ikkje enda i ei alvorleg ulukke.

– Her er det stort skadepotensial. Det er høg fart, forbikøyring, uoversiktleg og trafikk imot. Eg kan godt forstå at dei som fekk bilen imot seg vart skremde, seier han. 

Vil ha tips

Politiet vil gjera sitt for å prøva å identifisera føraren av bilen som gjorde forbikøyringa. 

– Me har håp om å klara det, og dersom nokon har opplysningar om bilen, ynskjer me sjølvsagt at dei tek kontakt med politiet på Voss, seier Veseth.  

Seinast i juli i fjor skreiv Hordaland om ein annan livsfarleg forbikøyring som vart filma på E16, då mellom Bulken og Voss. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.