annonse

– Eg var utruleg heldig

RAS
RAS: Ei stor steinblokk rasta ned frå fjellsida ved Dalseid tysdag ettermiddag. Bjørn Roland fekk store skadar på bilen som fylgje av raset. (Foto: Jostein Dalseid)
DALSEIDDALEN
DALSEIDDALEN: Ei stor steinblokk raste ned frå fjellet og traff fyst vegbana så bilen til Bjørn Roland. (Foto: Google maps)

Ei stor steinblokk rasa ned og trefte ein personbil på E16 ved Dalseid tysdag ettermiddag.

Katrine Nordanger Mjelde Siri Flatlandsmo

Det var NRK Hordaland som fyrst omtalte saka.

– Hadde eg vore ein meter lenger framme, veit eg ikkje om eg hadde vore her i dag, seier sjåfør Bjørn Roland.

Rundt klokka 16:30 tysdag ettermiddag køyrde han på E16 i Dalseiddalen. Så rasa det ned ei diger steinblokk. 

– Eg var utruleg heldig, seier han, trass i at bilen fekk store skadar.

– Det gjekk så utruleg fort

Steinblokka fall like før krysset til Stamnes.

– Det gjekk så utruleg fort, eg rakk ikkje å reagera noko særleg, seier Roland.

Roland skulle frå Bergen til Austlandet, og det er fyrste gongen han har køyrt denne vegstrekninga.

– Det var midt i ei 80-sone. Eg er utruleg glad for at det ikkje var nokon i motgåande køyrefelt, fortel femtiåringen.

Bilen fekk store skadar, men var køyrande, og Roland kom seg heim til Notodden.

– Eg har vore på verkstad med bilen no, og dei estimerer at skadane kjem på 100.000 kroner.

Såg ulukka frå like bak

Det var ei temmeleg stor steinblokk som rasa ned frå fjellsida. Ho delte seg i fleire bitar då ho landa, fortel Jostein Dalseid.

Han låg to bilar bak bilen som var treft av delar av steinblokka.

– Eg kom to bilar bak og svinga av då eg så kva som hadde skjedd. Eg snakka med sjåføren, som var skjelven etter hendinga. Då me stod der og fekk summa oss litt, hadde trafikantar alt rydda vegbana, fortel Dalseid.

Bjørn Arvid Ekse kom også køyrande like bak denne ettermiddagen. Han fekk ikkje med seg at steinen ramla ned, men såg at bilen framføre fekk sleng på seg.

– Eg trudde fyrst han hadde punktert. Men så måtte eg køyra litt slalåm mellom små steinar. Det gjekk frykteleg fort. Det er litt skremmande, seier Ekse.

Ekse stoppa og prata med Roland. Så fekk lagt ut ein varseltrekant for å åtvara komande bilistar. Sjølv brukar han vegen til å pendla frå Eidslandet til Arna på jobb. 

 –  Eg tenkjer over det. Men det er bratte fjell, og det vil koma ned. Det er denne vegen me har, seier Ekse.

– Me er vane med ras her

Vegen vart ikkje stengt og korkje politi eller vegtrafikksentralen melde noko om hendinga. Vegtrafikksentralen vart kontakta og entreprenør var på plass etter ein halv time.

– Eg ringde vegtrafikksentralen og forklarte kva som hadde skjedd, men eg trur ikkje dei tok det så alvorleg når eg sa at vegbana alt var rydda. Me er vande med ras her, men eg synest dei kunne ha sjekka tilstanden til sikring og anna når det kjem ned ei så stor steinblokk, fortel Dalseid.

Han reiste tilbake til staden seinare for å sjå korleis det såg ut oppe i fjellsida.

Det er fanggjerde i fjellsida her, men steinen kom nok frå lengre oppe, for det var ikkje nokon skade på gjerdet.

Entreprenør har vore og sett på området og alt skal no vera klarert, opplyser Kristian Fauskan hjå vegtrafikksentralen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.