annonse

– Ei god og fleksibel løysing

MODUL
MODUL: Slik ser modulskulen på Stanghelle ut på teiknebrettet. (Foto: Illustrasjon frå Wexus)
OVERSIKT
OVERSIKT: Slik ser 3D-teikninga frå 1. etasjen av den nye skulen ut, Torill Tverberg frå Rambøll AS, forklarer. (Foto: Jan-Egil Dyvik)
ANLEGGEY
ANLEGGEY: Det er lagt opp til eit aktivt uteområde med mykje grøntareal, den kvite boksen til venstre er den nye skulen, syner arkitekt Torill Tverberg. (Foto: Jan-Egil Dyvik)

– Det som er presentert av den nye barne- og ungdomsskulen på Dale, ser ut til å vera ei fleksibel og god løysing, som vil kunna tilpassast til nye krav som heilt sikkert kjem i framtida.

Jan-Egil Dyvik

Slik samanfatta fungerande ordførar Sigmund Simmenes (Sp) informasjonen som vart gjeven til kommunestyret måndag, om den nye skulen på Dale. Arbeidet skal starta i sommar.

Simmenes trur at ei av utfordringane som vil koma om få år, er å finna plass og ordningar for eit skulemåltid.

– Det er det ikkje heilt førebudd til no, men me får ta det når det eventuelt kjem, meinte han.

Aktivt uteområde

Arkitektane Torill Tverberg og Thomas Joe Evetts frå Rambøll AS gjekk gjennom skisseprosjektet, og viste også ein animasjon der ein fekk ein tur inn i sjølve bygget.

Det vert lagt opp til eit aktivt uteområde, mellom anna med kvar si ballbane til barne- og ungdomsskulen, innimellom leikeapparat, amfi og grøntområde.

Heile skulen er trekt nærare Gatå enn i dag, og i tillegg til barneskulen nede og ungdomsskulen i andre høgda, er det også plass til bibliotek, to heisar, kontor for helsesyster, kjøkken og ein kafe, fleire kontor og symjebasseng, for å nemna noko.

Miljøvenlege løysingar

Det er også lagt opp til at skulen, som er bygd for 250 elevar, kan byggjast på med ein etasje i høgda om det skulle verta aktuelt. Det er valt miljøvenlege løysingar, mellom anna ved å få tak i jordvarme.

Nokre meinte at det vert for få parkeringsplassar for bil til alle som skal jobba ved skulen. Dette vart effektivt avvist av andre i salen med at dei tilsette får ta buss eller tog, slik som ein må gjera ved andre store arbeidsplassar, til dømes i Bergen.

Ein million dyrare

Før Rambøll AS fortalde om den nye skulen, hadde einingsleiar Willy-Andre Gjesdal ordet og gav status for utviklinga der. På direkte spørsmål frå Kjartan Haugsnes (SV), svara han at modulskulen vert rundt to millionar kroner dyrare enn kalkulert.

Sjølve skulen kjem med båt til Stanghelle, og vil verta sett opp tidleg i juni. Tidspunktet vil vera ein fordel med tanke på bygging i skuletida, meinte Gjesdal.

Tryggleik

Kommunalsjef Ann Kristin Bolstad sa at risikovurderingar i samband med skuleskyss er under vurdering. Dei vil verta lagde fram for foreldre og andre på eit møte midt i neste månad, og det vil også koma eit nyhendebrev etter kvart.

Gjesdal opplyste òg om at det vil koma fortau på delar av skulevegen opp Brekkjen og fram til skuleområdet på Stanghelle. Fartsdempar får ein ikkje byggja på vegar med mot/unnabakke.

Dei folkevalde kom berre med positive kommentarar til den nye skulen som kjem på Dale. Og dei applauderte faktisk etter all infoen, før dei tok matpause.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.