annonse

Ei regnfull helg i vente

REGN:
REGN: I fjor vart målstarten for sykkelrittet Voss-Geilo ein regnfull affære. Det ser dessverre ut til at årets hending vert like vått. (Foto: Stine Strand Carlsen/Arkiv)

Til helga kan folk i Sør-Noreg venta seg store mengder nedbør.

Marita Saue Hamre

Ifylgje Meteorologene på Twitter er det ei regnfull helg i vente i sørlege delar av Noreg.

– For nokon lettar vêret i løpet av laurdagen, medan andre kan venta seg regn nesten heile helga, melder dei.

Sykkelritt i regnet

Til helga vert mellom anna det rundt 160 kilometer lange sykkelrittet Voss-Geilo arrangert.

Rundt 500 syklistar skal delta på sykkelrittet, som skal over Ulvikafjellet og over Hardangervidda i regnvêr og liten kuling.

Ifylgje yr.no vert det betring i vêret for vossingane på sundag. 

Les òg:

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse