annonse

– Ei veldig fin satsing

EIN FIN MØTESTAD
EIN FIN MØTESTAD: Abdrahmori Roblé Ali, Abdirahman Sahardid Ismail og Abdullahi Ali synest det er fint å møtast slik. – Det er vanskeleg å koma i kontakt med nordmenn, og då er eit slikt arrangement heilt supert, seier dei. Eit breitt utval av syriske matrettar var også å finna på borda utanfor gamlekinoen. (Foto: Stine Strand Carlsen)
FRÅ FLYKTNING TIL GRÜNDER
FRÅ FLYKTNING TIL GRÜNDER: Aiman Shaqura fortalde om korleis han gjekk frå å vera flyktning til suksessrik gründer. (Foto: Stine Strand Carlsen)
VIDEO
VIDEO: Fleire videosnuttar vart viste under seminaret, mellom andre av ordførar Hans-Erik Ringkjøb. (Foto: Stine Strand Carlsen)
Vossakveik

Flyktningane Abdrahmori Roblé Ali, Abdirahman Sahardid Ismail og Abdullahi Ali rosa Vossakveik sitt tema under seminaret torsdag; inkludering og integrering.

Stine Strand Carlsen Geir Geitle

– Me gler oss til seminaret. Dette er ei flott moglegheit for oss å koma i kontakt med det lokale næringslivet på, seier kompisane Abdrahmori Roblé Ali, Abdirahman Sahardid Ismail og Abdullahi Ali.

Dei har alle kome til Voss som flyktningar, og ser etter jobbar i lokalmiljøet. Fleire andre med utanlandsk bakgrunn var også til stades på arrangementet. Kameratane fortel at dei har fått invitasjon til Vossakveik via Røde Kors og vaksenopplæringa.

– Me vart veldig glade for å verta spurde, og me synest at det er fint at Vossa Jazz vel å setja fokus på integrering og inkludering. Det er ikkje lett å finna seg jobb her på Voss, men kanskje det vert litt enklare no som me kjem oss ut og får møta folk ansikt til ansikt, seier Roblé Ali.

Frå flyktning til gründer

– Visste de at det tidspunktet ein nordmann har mest kontakt med ein utlending i løpet av ei veke, er mellom klokka 02 og 03 natt til laurdag når ein skal ha seg kebab på veg heim ifrå byen? seier palestinaren og føredragshaldaren Aiman Shaqura engasjert frå scena inne i gamlekinoen. Han fortel på inspirerande vis korleis han gjekk frå flyktning til å ha stor suksess som gründer i Noreg. I dag har han selskap som omset for meir enn 100 millionar kroner.

– Eg skjønte fort at om eg skal klara meg her i landet, så må eg ha ein jobb. Eg starta tidleg, og tok alt frå vaskejobbar til butikkjobbar. Eg var støttekontakt, jobba på Burger King, vaska vindauge og selde jolenek. Eg tok på meg alt eg kunne finna. Alt for at eg skulle danna meg eigenkapital slik at eg kunne reisa til England og studera på den skulen eg ville. Og om ein vil, så klarar ein. Mor mi sa alltid, at det handlar ikkje om å få, men å få det til, seier han engasjert med kav Toten-dialekt.

Satsa på dei svake

Han fortel om at han tok over fleire verksemder som gjekk med underskot, og klarte å snu dei om til suksess.

– Eg valde å gje jobbane til dei som elles ikkje får seg jobb. Dei med rare namn, dei med hol i cv’en, dei ville eg satsa på! For eg visste at om eg gav dei den moglegheita, så ville dei gripa den med alt dei hadde. Og det, mine kjære venner, fekk eg rett i!

I tillegg til å eiga fleire verksemder, driv han no prosjektet Give a Job, som er eit prosjekt som skal få flyktningar ut i arbeid. Konferansier Arne Hjeltnes var også med å starta dette prosjektet

– Eg veit sjølv kor utfordrande det kan vera å få seg ein jobb i Noreg, men samtidig også kor mykje det betyr. Om ein person kjem i arbeid, er det ikkje berre ein person som jobbar. Det vil få ringverknader for heile familien og opna dører for veldig mange andre, fortel Shaqura.

Etter ein presentasjon av Kveik (verksemda) og Integreringstenesta sitt arbeid på Voss, overtok Pellegrino Riccardi podiet. Med italiensk, britisk og norsk mentalitet sette han fyr i publikum. Han inviterte oss til å vera opne, nysgjerrige og modige. Men: Han fortalde at me er programmerte til fyrst å sjå det negative, når nye ting oppstår.

– Dette har sikra at me har overlevd. Me ser det farefulle fyrst, sa Pellegrini og illustrerte med bilete av ei løve med brølande lyd inntil. Men nye ting kan også vera ei spennande moglegheit. Han bad oss om å visa respekt – og sjå på ny. «Re specto» tyder sjå igjen, fortalde filologen og pedagogen som oppmuntra til å gjera nett det. Då ser me kanskje andre ting enn det fyrste, farefulle.

Pellegrino Riccardi sin bodskap kombinerte italiensk, britisk og norsk mentalitet. Dei kulturelle skilnadene er store.

Honesty, love, connection, hope

Han verdset det norske, men spurde om ikkje me også treng litt italiensk. Då han gifta seg i Noreg, spurde hans italienske far om festen var ei gravferd eller eit bryllaup. Så stor var kulturskilnaden.

– Skal Voss vera bryllaup eller gravferd, spurde den livfulle briten med italienske foreldre.

Han trekte fram fire ting som skaper bryllaup. «Honesty, love, connection, hope». Ærlegdom, kjærleik, tilknyting og håp.

– Send ei melding, ta telefonen og ring. Sei «eg er glad i deg», bad han om.

– Og gjerne til mamma!

Med denne bodskapen i bakhovudet rusla ei løfta forsamling frå Vossakveik ut i den vakre marskvelden.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.