annonse

Eidfjord seier nei til turistflyging

EIDFJORD
EIDFJORD: Statkraft får ikkje driva med turistflyging i Eidfjord. (Foto: Karl Ystanes/Arkiv)

Politikarane i Eidfjord vil gje Statkraft konsesjon til helikopterlandingsplass i Simadal, men vil ikkje opna for turistflyging.

Karl Ystanes

Statkraft har søkt Luftfartsverket om konsesjon for helikopterlandingsplass i Simadal i Eidfjord. Her ligg Sima kraftstasjon som hentar vatn frå fleire magasin i fjella.

Difor ynskjer Statkraft få ei godkjenning av landingsplassen i Simadal, ein landingsplass dei alt i dag nyttar ofte i samband med tilsyn og vedlikehald av kraftanlegget.

Stussa

Statkraft søkte om konsesjon for å letta og landa med helikopter i Simadal, og grunngav søknaden dels med at landingsplassen også kunne nyttast til turistflyging, også kalla sightseeing.

Dette fekk fleire til å stussa. Hadde Statkraft slege seg på reiselivet? Kraftverkssjef Vidar Riber presiserte over for mellom andre Hordaland tidlegare i vinter, at deira motiv for å søkja konsesjon ikkje handla om turisme, men at dette hadde kome opp etter at dei vart kontakta av eit selskap som vurderte å etablera slik verksemd i Eidfjord.

Negative reaksjonar

Søknaden har vore ute på høyring, og kommunestyret i Eidfjord handsama han måndag denne veka. Politikarane valde samrøystes å fylgja innstillinga frå rådmannen om at ein godkjenner søknaden om konsesjon for landingsplass for helikopter.

Rådmannen innstilte på 300 flygerørsler årleg, men dette vart dobla etter framlegg om det frå ordførar Anved Johan Tveit (Sp).

Dei valde også å fylgja administrasjonen i å ikkje opna for turistflyging, etter at denne delen av søknadsgrunnlaget har skapt sterke negative reaksjonar hjå hytteeigarar i Sysendalen, innbyggjarar i Eidfjord og anna hald. Reaksjonane handla mykje om at ein frykta støy frå flyginga vil nå eit slik omfang at det vil ha negativ verknad på folk og naturmiljø.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.