annonse

Eigaren på Stamnes vil fjerna eine båten

STAMNES MOTORVERKSTAD
STAMNES MOTORVERKSTAD: Eigaren av Stamnes Motorverkstad føreslår å fjerna den eine stå­båten som ligg ved kaien innan utgangen av mai i år. Biletet er frå arkivet. (Foto: Jan-Egil Dyvik)

Eigaren av Stamnes Motorverkstad, Bjarne Eidnes, føreslår å fjerna den eine stå­båten som ligg ved kaien innan utgangen av mai i år, og starta klassing av den andre innan september.

Jan-Egil Dyvik

Det kjem fram i eit skriv Eidnes sende like før jul. «For å koma kommunen i møte og prøva å få ei avslutning på saka», som han skriv.

Kommunen har tidlegare varsla eigaren om at dei ser på fartøya som ulovleg plassering av avfall, og vil ha dei bort innan 15. januar i år, om ikkje kan det verta pålagt tvangsmulkt.

– Ein kan ikkje fjerna fartøya innan fristen, då ein ikkje har andre plassar å vareta fartøya på, heiter det mellom anna i skrivet frå Eidnes.

– Eigaren har tidlegare påklaga vedtaka me har gjort. Saka vil verta handsama i formannskapet i siste delen av januar. Om kommunen ikkje vil godta klagen, vert han send til Fylkes­mannen for endeleg avgjerd, seier einingsleiar Willy-Andre Gjesdal, i Vaksdal kommune.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.