annonse

Ein av dei varmaste dagane i oktober

FINT VÊR
FINT VÊR: Torsdag var ein av dei varmaste dagane som er målt på Voss nokon gong. (Foto: Marita Saue Hamre)

Torsdag var blant dei varmaste temperaturane som er registrert på Voss i oktober.

Marita Saue Hamre

– Det vart målt 19, 6 grader på Voss torsdag 11. oktober, opplyser forskar og klimavakt Ketil Tunheim hjå Meteorologisk institutt.

Sjølv om det kjendest ut som at sommaren var kome tilbake, så var ikkje målinga nok til ny rekord for vossingane.

– Den varmaste oktobertemperaturen vart registrert 11. oktober 2005, med 23 grader, seier Tunheim.

På andreplass vart det registrert 19, 6 grader i 2014.

Bergen sette ny rekord med 23, 4 grader midt på dagen torsdag. Det er ny fylkesrekord, ifylgje klimavakta.

Vanskeleg å måla

På grunn av problem med den nye målestasjonen ved idrettsplassen på Voss, så blir det ikkje målt rekordar.

– Sidan stasjonen er ny og sidan det har vore nokre problem med den, så fører me ikkje rekordar for den. Me ventar at det kan utgjera ein forskjell på nokon tidelar, fortel Tunheim.

Den tidlegare stasjonen stod plassert på Bø i Tjukkebygda i bakkane ovanfor flyplassen.

– Me har hatt nokre varme år sidan 2004, men plasseringa kan også spela ei rolle i at den nye stasjonen har ein del varmare målingar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.