annonse

Ein bauta er borte

BORTE
BORTE: Tysdag døydde diktaren Magne Myhra, som ville fylt 88 år i september. Forfattarkollega Signe Seim minnest han som eit flott menneske, og ein samtalepartnar av dei sjeldne. – Han var så flink med ord, seier Dagfinn Iversen, som i kveld skal framføra hans mest kjente dikt Med ope visir på konsert i Bergen. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Diktaren Magne Myhra (87) døydde tysdag denne veka. Ei av dei mest intense røystene i den norske bokverda har dermed tagna.

Rolf Tepstad

Magne Myhra var gjennom heile livet talsmann for outsideren, den utstøytte, han som aldri kom med i det gode selskapet.

– For meg var drivkrafta alltid å gje einskildmennesket oppreising. Seia klart ifrå om urettferd eg ser ikring meg, uttala Myhra i eit intervju med Hordaland i 2009.

– Og eg skal vedgå at eg stundom har gjort det på måtar som har gjeve meg uvener, la han til.

– Skulle bli forfattar

Magne Myhra budde i Raundalen gjennom mesteparten av livet sitt, men har i seinare år hatt heimen sin på Vangen, i Sosialbygget.

– Eg tenkte alt som smågut at eg skulle bli forfattar. Etter ein uvanleg barndom meinte eg å ha rikeleg med stoff både til dikt og prosa, sa Myhra til lokalavisa i same intervju.

Alt i 1978 fekk han kunstnarløn frå staten for å kunna skriva på heiltid, og i 1990 vart han æra med Voss kommune sin kulturpris for forfattarskapen sin.

Lærarskule

Myhra vaks opp på Urdland, der han òg gjekk heile folkeskulen. Etter folkeskulen vart det realskule på Vangen, før ferda gjekk ut i den store verda. Nærare bestemt Stord Lærarskule.

– Og det var langt frå sjølvsagt at ein fattiggut frå Raundalen skulle få slik ein sjanse. Med god hjelp frå Statens Lånekasse klarte eg likevel å betala for dei fire åra på Stord, sa Myhra vidare i intervjuet.

Fyrste lærarpost var Brekkhus skule i Teigdalen, deretter Midttun skule i Bergen. I 1960 vende han tilbake til Voss og fyrst Vangen skule, deretter folkehøgskulen ute på Seim. I mellomtida hadde han bygt seg hus på Urdland.

– Eg grov ut tomta sjølv, ein sommarferie. Med hakke og spade, mintest han.

– Eit flott menneske

Forfattarkollega Signe Seim uttrykkjer stor sorg over tapet av ein nær ven og kollega.

– Magne var på alle måtar eit flott menneske. Han hadde ein rettferdssans som var grenselaus og ei medkjensle som aldri tok slutt. Men han hadde òg ei undring i alt han sa og gjorde, ei undring kring livet og døden og alt som skjer med oss menneske. Han var difor ein samtalepartnar av dei sjeldne. Som skribent var han ein perfeksjonist til fingerspissane. Eg har sett han tyggja sund ein heil blyant på leit etter det rette ordet eller det rette uttrykket medan han finpussa på ein tekst han skulle ha ferdig. Han var også ein nyttig medspelar til mi eiga dikting, ingen var betre korrektiv for meg enn han.

Særleg dei fyrste tiåra etter at Signe Seim og mannen Nils Hjelmtveit Seim slo seg ned på Voss kring 1970, var kontakten tett og regelmessing.

– Han var min og Nils sin beste kamerat og me hadde mange gode og lange samtalar utover natta i heimen hans i Raundalen. Magne var òg svært kunnskapsrik, og eg lærte mykje av han. I seinare år snaktest me helst på telefon, og det gjorde me no heilt til det siste, kan Signe Seim fortelja.

Beisk sjølvbiografi

Litterært debuterte Magne Myhra i 1959, med romanen Mistelteinen, om jødeguten David og hans tragiske livssoge. Deretter gjekk det heile 17 år før neste utgjeving: barneboka Alltid noe å glede seg til. 1976 kom òg den fyrste av fire diktsamlingar, Tusen år for ein tanke.

Sidan kom I dropar av lys (1982), I håpets vektskål (1987) og ikkje minst Med ope visir i 1994. Sidan vart dei beste dikta samla mellom to permar både i 2004 og 2010.

Barndomen

Som prosaforfattar fekk Myhra størst merksemd då han i 1978 gav ut den beiske sjølvbiografiske romanen Sønn av en kvinne. Ikkje minst fekk han då tyn frå målrørsla, fordi boka vart skriven på bokmål!

– Far var alkoholikar. Eg hadde fire eldre sysken, men då eg kom til verda, som femtemann, var far min alt stukken av. Eg møtte han heller aldri, sa Myhra sjølv i intervjuet med Hordaland i 2009.

– Men eg hugsar korleis eg både kjende harme og sorg overfor det han hadde gjort gjennom heile barndomen. Han hadde svike mor og alle oss ungane.

Magne Myhra sin siste roman Gjennom skodde til Klårfjell, fullført i hans 85. år (i 2015), var eit framhald av sjølvbiografien frå 1978.

– Eg ville så gjerne få skriva ned mor sine siste ord, uttala Myhra til Hordaland då.

– Eg hugsar dei heilt nøyaktig – og no har eg fått avslutta dette kapittelet av livet mitt, sa Myhra, som med dét òg avslutta diktargjerninga si.

Tonesette dikt

Ei rekkje av Magne Myhra sine dikt er òg blitt tonesette. Her lokalt har både Per Indrehus og Arvid Aarsnes sett uttrykksfulle melodiar til Myhra sine manande tekstar.

Den som har bringa Myhra ut til det største publikummet er nok likevel trubaduren Dagfinn Iversen. Gjennom fleire tiår har han slutta dei fleste av konsertane sine med Myhra sin bautastein av ein tekst: «Med ope visir».

– Korleis oppdaga du sjølv Magne Myhra sine dikt?

– Me hadde bøkene hans i heimen, og då eg las dikta, oppdaga eg at han skreiv på ein måte som var svært songbar. Då eg sette meg ned for å skriva melodi til «Med ope visir» var det òg nesten som at orda gjorde jobben. Diktet song sjølv tonen til meg, seier Iversen, som på si fyrste cd-plate frå 1997 (Elvelangs) hadde både denne teksten og diktet «No ser eg» med.

Vossatrubaduren møtte sidan Magne Myhra ei rekkje gonger, helst ute på kafé på Vangen. Der samtala dei djupt om tekstar og forståing, og elles om alt anna som rørte seg i kvardagen.

– Han var så flink med ord, og i tillegg så kunnskapsrik, seier Dagfinn Iversen ettertenksamt og minnande.

Konsert i kveld

– Og framleis syng du Med ope visir kvar gong du har konsert?

– Dei aller fleste gongane, ja. Og alltid når eg har ein lengre konsert åleine. Det skal eg forresten ha alt i kveld, på Dyvekes viseklubb her i Bergen. Så dét vert spesielt, no som han er død. På konserten i kveld lyt eg opplagt seia noko både om diktaren og diktet. Og sidan eg er eit følelsesmenneske, kan det bli vanskeleg å fullføra songen nett denne kvelden, seier Dagfinn Iversen, med ein tydeleg klump i halsen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.