annonse

Ein bom for Jakob Farestveit i finalen

NØGD
NØGD: Smilande og nøgd trass alt med 15. plass for Jakob Farestveit (til v.). Han låg ved sida av Herman Uglum frå Sogndal. (Foto: Trygve Mjelde)

Det vart diverre ein bom for Jakob Farestveit frå Modalen i finalen under Landsskyttarstemnet i Førde.

Jan-Egil Dyvik

Farestveit, som representerer Vaksdal og Modalen skyttarlag, kom til finalen i feltskyting for junior fredag.

– Det banka godt under jakka, ja. Eg hadde nok uvanleg høg puls nett då, seier Jakob.

På den andre sida er han godt nøgd med at han trefte på alle seks kne-skota.

– Og det er såleis svært irriterande at det kom ein bom på eitt av dei seks skota på liggjande, seier han.

Resultatet for Jakob vart altså elleve treff med sju innertiarar i finalen.

– Hadde han treft på alle, ja så er det vel grunn til å tru at det kunne vorte medalje. No vart det i staden ein 15. plass. Men det er bra uansett, meiner faren Trygve Mjelde, som også var til stades under Landsskyttarstemnet i Førde.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.