Ein person til sjukehus etter trafikkuhell på E16 ved Dale
Tre bilar kolliderte i Dalseidtunnelen på E16 laurdag morgon. Vegen er open att.
Klokka 08.30 laurdag morgon fekk politiet melding om eit trafikkuhell i Dalseidtunnelen på E16 mellom Dale og Voss.
Tre bilar med til saman fire personar var involverte i det som skal ha vore ein påkøyrsel bakfrå i forbindelse med køkøyring, ifylgje politiet.
Stengde tunell
Alle naudetatar rykte ut til staden, og tunellen vart stengd.
– Ein person er sendt til Voss sjukehus for sjekk grunna smerter i brystet. Me veit førebels ikkje kva som har ført til ulukka, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.
Det er oppretta sak på ulukka, og politiet vil avhøyra sjåførane for å finna ut kva som skjedde.
Lange køar
Det var store materielle skadar etter ulukka og lange køar på E16.
Etter ein time vart vegen opna for manuell dirigering, og tjue minutt seinare opna vegen fullstendig etter oppryddingsarbeidet.
E16 Dalseidtunnelen: brannvesen fremme på stedet, 5 personer involvert, ikke meldt om alvorlige personskader, veien stengt inntil videre, store materielle skader.
— Vest politidistrikt (@politivest) February 3, 2018
E16 Dalseidtunnelen: veien åpnet for fri ferdsel. Kjør forsiktig!
— Vest politidistrikt (@politivest) February 3, 2018
Ulykken er i Dalseidtunellen.
— 110 Hordaland (@110Hordaland) February 3, 2018
E16 Dalseidtunnelen, mellom Bergen og Voss, åpnet for fri ferdsel etter trafikkuhell.
— Vegtrafikksent. vest (@VTSvest) February 3, 2018
Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.